Dei siste dagane

Så er det berre nokre dagar att. Dagar som skal fyllast med oppbrudd, farvel og på gjensyn. For me ser kvarandre kanskje att? Eller kanskje ikkje… Alle menneska her reiser vidare i livet sitt, men i motsetnad til meg vert dei fleste her dei er. I sin by eller landsby, i beduinleiren sin, i sitt hus, telt eller grotte. I område A, B eller C på den omstridde vestbredden. I Palestina.

For meg som har moglegheiten å kome tilbake til mitt komfortable liv, kjennest det med eitt egoistisk og feigt å dra heim.

Framtida er så uviss for menneska eg har møtt. Og for alle eg aldri traff. Men håpet om ein rettferdig fred MÅ vere til stades. Det fortel palestinarane om og om igjen når eg möter dei. Det fortel også mange israelarar som me møter. For håpet om livskraft og gode dagar for både israelarar og palestinarar – dette håpet er det mange som deler. Og det gir meg framtidshåp. Dess fleire som deler – og ønskjer, dess større er moglegheiten for at ein dag vil fredsbestrebelsane ende positivt.

Mine tre månadar gjer i den store samanhengen ingen skilnad. Men det har endra meg. Og kanskje har nokre av dei som eg møter eller som les det eg skriv, har sett av livet her nede ikkje er enten eller, svart eller kvitt, englar eller demonar. Men på trass av dette er det balansen ujamn. Styrkeforholdet mellom soldatar med våpen og ammunisjon og steinkastande palestinarar på Vestbredden er ujamnt. Kvardagslidelsen er etter mitt syn større på den eine sida enn den andre.

gut i sort kvitt

Det er her og no som tel for meg. Eg kan ikkje la historiske eller religiøse motiv rettferdiggjere at menneske her nede lid slik som dei gjer. Det eg ser er at den oppvaksande generasjonen i Palestina lid meir enn den oppvaksande generasjonen i Israel. Det er det er ser. Det er mi meining. Andre får meine det dei vil, men mine møter med menneska, barna og ungdommane her nede vil følgje meg for resten av livet.

Så tar eg med meg orda fra palestinaren eg mötte i Jericho og deler dei gjerne med deg:

”Kom til oss. Sjå med dine eigne auge. Kjenn med dine eigne sansar. Opplev sjølv. Snakk med oss og snakk med Israel. Mange menneske i Israel ønskjer det same som oss. Dei vil leva i tryggleik og i fred med sine naboar. The sun will always rise. One day there will be a peace.”

Children of Palestine

Det går mot vår i Palestina. Mandeltrea står allereie i full blomst. Bakkane er grøne og lufta er varmare. Tre månader er plutseleg over og det er på tide å ta farvel. Forhåpentleg på gjensyn, men det er nok mange eg aldri vil møte igjen. Eg tar med meg så mange minner som eg skal ta godt vare på.

Her ser du nokre av dei barna eg har møtt. Nokre sprellande glade og fulle av livsglede. Andre betutta over ein kvardag som er vanskelegare enn det eit barn skal oppleva. Dei er barn, akkurat slik dei eg reiser heim til, og som eg møter snart igjen. Men barndomen deira er annleis, og eg skulle ønske andre oppvekstkår for dei.

All the best, children of Palestine!

Vårmorgon på jorda
Av Ingvar Moe

Kom, ta mi hand og gå med meg,
eg har ei jord å visa deg,
kom, før det blir for seint
Kjenn, enno angar skogane,
sjå, koss det gror bak plogane,
sjå, vatnet er så reint.
Høyr fuglane på taket,
kjenn dagen kjem tilbake.
Kom, tak mi hand og gå med meg,
eg har ei jord å visa deg,
kom, før det blir for seint

Dei som er uskuldige

Jente fra Ar Rahwa - South Hebron Hills

Jente fra Ar Rahwa – South Hebron Hills

For dei som ønskjer ein rettferdig fred mellom Israel og Palestina, bör det også vere eit poeng å stadfeste at begge sider har opplevd enorm lidelse. Begge sider har gjort grove overgrep og begge partar har eit leiarskap som har svikta. Men nokre er likevel heilt uskuldige. Det er dei israelske og palestinske barna. Desse barna som er fødd inn i ein konflikt dei ikkje sjølv har laga, og på ingen måte kan vera ansvarlege for.

Nokre av desse barna lev dagleg med trusselen mot seg. For mange av dei er vald og angrep som følgje av konflikten, ein del av kvardagen. Desse barna vert skada, psykisk og fysisk. Nokre av barna dør. Når eit liv går tapt finnest det inga unnskulding. Og ingenting kan bøte for sorga og lidelsen det fører med seg, for dei som mister det kjæraste dei har.

Shalhevet Pass var berre 10 månadar gamal då ho vart drept. Abir Aramin var 10 år. Shalhevet vart drept medan ho sat i barnevogna si av ein palestinsk snikskyttar. Abir vart drepen då ein israelsk grensepatrulje opna ild mot ein mistenkeleg steinkastar. Desse to jentene, ei israelsk og ei palestinsk, er berre nokre av dei uskuldige barna som har mista livet i løpet av dei siste tiåra.

Eit dødt barn er eit for mange. Og eit menneskeliv er like mykje verdt. Men sjølv om eg nemner eit israelsk barn og eit palestinsk barn, er dette ikkje representativt for balansen mellom antal drepte barn på begge sider. I løpet av dei siste 12-13 åra har over 90 israelske barn blitt drept av palestinarar, medan Israel har ansvaret for at over 1300 palestinske barn er blitt drept. I tillegg har Israel arrestert over 7000 palestinske barn sidan september 2000 og brakt dei til israelske millitærrettar. 62,5 % av desse vart arrestert i løpet av natta, og ingen av desse barna får lov til å ha med seg sine foreldre når dei vert teke med av soldatar. Israelsk lov seier at israelske barn under 14 år ikkje kan bli sett i fengsel og dei skal bli bistått med advokat i løpet av 48 timar. For palestinske barn er kriminell lågalder 12 år, og det er ikkje same kravet om advokat.

Eg har møtt fleire av desse barna som har opplevd å plutseleg blir halde igjen av soldatar, eller tatt med til ein utpost eller millitærleir, utan forvarsel. Den minste av dei eg møtte var Noor på 12 år som vart halde igjen av israelske soldatar på skuleveg. Dei sa han hadde kasta stein. Fleire timar seinare vart han slept fri og faren kunne ta han med heim. Yassir på 14 vart tatt med av soldatar utanfor huset sitt. Fem timar seinare fekk han koma heim, etter å ha blitt tatt med først til ein israelsk busetjing, så ein millitærleir, og så til slutt overlatt til palestinske myndigheiter. Desse to barna er heldige samanlikna med andre som faktisk vert sett i fengsel, men dei psykologiske ringverknadane etter ei hending som dette kan likevel vere fatale.

Dei ansvarlege for dei israelske og palestinske barna sine lidingar, finnest på på begge sider av konflikten. Den som avfyrer skotet, som skyt rakettane, som slepp bombene, og ikkje minst leiarskapet som fortel at dei skal gjere det. Både palestinsk og israelsk leiarskap har og må ta sitt ansvar. For barnas skuld. For den oppveksande generasjonen som fortener å leve, utan å vere overbevist om at det er nokon på den andre sidan som hatar dei. Som vil utslette dei og som ikkje unnar naboen sin eit verdig og rettferdig liv.

Uansett er eit menneskeliv like mykje verd. Ingen fortener å dø. Ingen fortener å leve i frykt eller lide under okkupasjon eller trusselen utanfra. Men eg klarar ikkje å fri meg frå tanken; Kva om det hadde vore motsatt. Kva om det var over 1300 israelske barn som var drept, 7000 arresterte israelske barn, dei yngste ned til 7 år. Eller for å leike med tanken: Kva om det var våre norske barn? Kva ville me gjort? Kva ville me ha funne oss i?

2012 var det første året der ingen israelar (verken barn eller vaksne) døydde som følgje av palestinsk åtak. Israel forklarer at det er okkupasjonen og dei strenge sikkerhetstiltaka, som har ära for dette. Men me som bur her nede veit at det er mange vegar ut og inn av Vestbredden, utanom muren. At tusenvis av palestinarar illegalt reiser dagleg til Israel for å jobbe svart, og som ikkje drar via kontrollpostane (checkpointa) som er sett opp. At muren i praksis hindrar kvardagsmenneske, i sin daglege ferd, som treng å koma seg på skule, på arbeid, til jorda si for å pløye eller for å ta med sauene sine på beite. Og at dette blir registrert, kvar morgon og kvar ettermiddag/kveld.

Eg veit at denne konflikten er kompleks – og at det er farleg å samanlikna lidelse. Men all liding som er på avstand er så lett å la passere, utan å gjere noko. Og for det jødiske folket i Israel, så er dei truleg akkurat som du og meg: Anstendige, verdige og reflekterte menneske. Dei aller fleste er verken egoistiske eller hatefulle. Men stadig stiller eg meg spörsmålet: Kvifor aksepterer israelarane det som skjer under okkupasjonen? Det store spörsmålet er først og fremst om dei veit kva som verkeleg skjer, eller om dei trur det som blir fortalt dei. Mange israelarar har eit ytre fiendebilete, og dei er prega av sin historie. Det er ikkje underleg, og all den lidelse som ligg i den jødiske historien pregar framleis eit folk. Spørsmålet er berre om det no er tid for å sjå framover, i staden for tilbake.

Som sagt er 2012 det første året der ingen israelarar vart drepne som følgje av konflikten. Berre i løpet av dei tre månadane eg har vore her nede har ei rekke palestinske ungdommar og unge vaksne blitt drept. I januar 2013 har fem unge palestinarar i alderen 15 til 21 år blitt skoten av israelske soldatar. Ei av desse stod og venta på bussen for å besøke søster si. Ein annan av dei var på veg til jobb. Den israelske etterforskninga av det som skjedde vil vise om Israel vil ta sjölvkritikk, eller om desse unge menneska vert skulda for å ha vore terroristar eller for å ha planlagt terrorhandlingar.

Kven som eig sanninga i ein kompleks konflikt som denne er nok usikkert. Eg kan heller på ingen måte påberope meg å vite alt eller å ha kontroll på sannheit og løgner. Men det eg har sett i löpet av desse månadane har vore eit smertefullt møte med eit palestinsk folk som lir unødvendig under okkupasjonen. Og når ein tenker på at over 1400 israelske barn og palestinske barn til saman har blitt drept sidan 2000, så er det ingen av dei to sidene som er tent med slike tal. Särleg ikkje dei som må leva vidare utan sine kjæraste.

rak i ryggen

Kjelder:

http://www.btselem.org/firearms/201301_fatalities

http://www.addameer.org/etemplate.php?id=296

Kontrastar i Tulkarm

Tulkarm by ligg nordvest på Vestbredden

Tulkarm by ligg nordvest på Vestbredden

Maida er ledsager i Tulkarm og sist på söndag nytta eg höve til å besöka ho der. Saman med Thomas som me mötte på den norske ambassaden i Tel Aviv, fekk me eit lite, men sjarmerande möte med ein pulserande by.

Maida viser Thomas utsikten mot öst

Maida viser Thomas utsikten mot öst

Utsikten mot havet og grensa til Israel er like ved. Mange i Tulkarm, som så mange andre palestinarar, har likevel aldri vore ved havet.

Utsikten mot havet og grensa til Israel er like ved. Mange i Tulkarm, som så mange andre palestinarar, har likevel aldri vore ved havet.

I Yanoun lagar me all mat sjölv og det er ingen kafear eller restaurantar tilgjenglege. I Tulkarm er det derimot ei mengde falaffelsjapper, og eit hav av restauranter. Me tok ein betre luch på takterassen til Moon Light, det nye kjöpesenteret i byen.

Maten smakar utmerka

Maten smakar utmerka

Deilig med lunch på takterassen

Deilig med luch på takterassen

Det er hyggeleg å rusle rundt i sentrum av byen, kor ledsagarane blir tatt utruleg godt i mot. Alle er venlege og har spanderbuksene på. Det blir nesten litt for mykje av det gode, når ein knapt får betale for det som ein kjöper.

Markedet er som dei fleste andre i palestinske byar. Her er det eit yrande liv

Markedet er som dei fleste andre i palestinske byar. Her er det eit yrande liv

Me köyrde også innom ein av checkpointa (kontrollpostane) som Tulkarm teamet observerer fleire gongar i veka. Det var eit tungt möte.

Men eit checkpoint er stort sett berre trist

Men eit checkpoint er stort sett berre trist

Og for dei som går gjennom kvar dag, så blir dessverre også dette ein del av livet

Og for dei som går gjennom kvar dag, så blir dessverre også dette ein del av livet

Tilbake i byen er det på tide å seie farvel. Eg set meg i ein av dei mange gule minibussane og me köyrer mot Nablus. Der når eg så vidt ettermiddagsgudstenesta i Melkite church, ei romersk ortodoks kyrje. Etter ei lang messe avsluttar me med kyrkjekaffi og sjokolade, för me drar tilbake til Yanoun. Avstandane er ikkje så store på Vestbredden, og her kan ein oppleve svärt mykje i löpet av ein dag.

Når barnet ditt er fengsla

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Jajah Salameh er mor til fem. Eg möter ho i ein av landsbyane der det har vore ei rekke arrestasjonar av ungdommar. Jahah er engelsklärar, har jobba i 12 år no, samstundes som ho har tatt hand om familien saman med mannen. Engelsken hennar er svärt god og ho skildrar det uverkelege godt og nökternt, utan store fakter og store ord.

“No kan eg snakke med dykk utan å gråte. Hadde de kome för… ” Jahan stoppar opp og ristar sakte på hovudet. Ho ser i golvet för ho igjen möter blikket mitt. “Tida hjelper. Eg er rolegare no. Men då det skjedde? Det heile kom som eit sjokk. Soldatane kom om natta og heile familien måtte stå utanfor huset. Det var kaldt og me stod der i fleire timar, utan å få lov til å snakke saman eller vite kva som skjedde. Eg kunne ikkje tru det då dei tok han med seg. Det heile var som i ein vond draum”.

Jahah snakkar om sonen sin på 19 år. Han vart arrestert denne natta for over to månadar sidan, og me ledsagarar har sett anklagane mot han. Me har snakka med Addameer og advokaten han fleire gongar. Me har vore i millitärretten utanfor Jenin og fulgt saka. I anklagane står det at han har kasta stein, brent dekk, planlagt terroraksjon og kasta molotow coctails (brannbomber). Alt dette er karakterisert som terrorhandlingar, og ein kan få mange år i fengsel for slike anklager.

Mora stiller seg uforståande til anklagane. Ho kjenner guten sin, seier ho. “Ei mor berre veit”, seier ho, og skildrar ein gut som studerer reiseliv, vil jobbe på hotell og mest av alt vil reise ut i den store verda: “Guten vår er ikkje ein aktivist. Han er ingen terrorist. Han er på randen til å bli vaksen, men har framleis mykje av ungdommen i seg. Han var alltid glad, alltid i godt humör og söskena hans elskar han. Han var saman med oss heile tida. Det er förste gong han er vekke frå oss så lenge. To månadar har han vore i fengsel. Og kven veit kor lenge det blir. Universitetsudanninga vert sett på vent. Livet hans også. No håpar me og ber. Ber om rettferdighet”.

“Eg saknar guten min. Me gjer det alle. Söskena hans spör etter han kvar einaste dag. Og dei vil besöka han i fengselet. Men far hans og eg har berre sett han når det har vore rettsmöter. Og eg har berre snakka med han i tilsamen 3-4 minutt. Han har ikkje fått domen sin enda. Etter det får me forhåpentlegvis treffe han meir”.

Jahah fortel om kva ho ankar på, om forholda i fengselet og dei to korte mötet mellom sonen og foreldra. Ho ba mannen sin om å gi jakka si til sonen då dei möttes förste gong i millitärretten, men sonen tok ikkje i mot. “Han prövde å vere så tapper”, seier ho. “Ikkje ver redd for meg, mamma. Hels alle heime. Ikkje ver bekymra. Eg har det bra”.

“Det er förste gong han tröystar meg. Men det er eg som skal tröysta han”, fortel Jahah. “Eg er mor hans. Men samtidig må eg berre akseptere dette, dette er utav vår kontroll. Dette er ikkje retta mot vår son personleg, me veit han ikkje har gjort noko galt. Dette er ein del av eit system som held oss nede – folket vårt. Når dei tar barna våre, blir me handlingslamma. Det er det verste som kan hende ein far og ei mor”.

Gladsöndag!

Gladnyheit 1: Vegen er opna! Etter 13 år er endeleg vegen mellom Yanoun og Awarta som har vore stengt av israelske myndigheiter opna. Vegen har i heile den perioden berre vore tillete for israelske busetjarar som bur i utpostane og busetjingane rundt Yanoun, og for den israelske hären. I löpet av desse 13 åra har palestinarane som bur her köyrt ein omveg som tar omlag ein halv time lengre – for til dömes å koma seg til Nablus, enn dersom ein köyrer kortasta vegen.

vegen

I dag tidleg mötte me Guvernören av Nablus saman med andre representantar for palestinske myndigheiter og palestinsk presse. Det var stor glede over at vegen er opna, noko som skuldast at palestinske myndigheiter har nådd fram med kravet sitt hos israelske myndigheiter. Eappi fekk også takk for arbeidet me gjer for landsbyen her, og eg vart intervjua av palestinsk tv.

pressa er tilstades

Gladnyheit 2: Arbeidarar arbeider på fullt med å gi Yanoun vasstilförsel gjennom röyr under bakken. På denne måten vert vasstilförselen meir konstant og landsbyen har eit kommunalt vassystem, og er ikkje lengre berre avhengig av si eiga vasskjelde. I löpet av dei neste ti dagane håpar me at arbeidet skal vera ferdig!

Gladnyheit 3: Arbeidarar arbeider på taket på skulen i Yanoun. Den vesle barneskulen har nokre stadar berre bölgjeblekk til tak, og her er det behov for forbetringar.

IMG_8918

Think of Others … فكِّر بغيركَ

Think of Others …    فكِّر بغيركَ

Think of Others … فكِّر بغيركَ

As you prepare your breakfast, think of others.
Don’t forget to feed the pigeons.
As you conduct your wars, think of others.
Don’t forget those who want peace.
As you pay your water bill, think of others.
Think of those who only have clouds to drink from.
As you go home, your own home, think of others
don’t forget those who live in tents.
As you sleep and count the planets, think of others
there are people who have no place to sleep.
As you liberate yourself with metaphors think of others
those who have lost their right to speak.
And as you think of distant others
think of yourself and say
“I wish I were a candle in the darkness.”

وأنتَ تُعِدُّ فطورك، فكِّر بغيركَ
لا تَنْسَ قوتَ الحمام
وأنتَ تخوضُ حروبكَ، فكِّر بغيركَ
لا تنس مَنْ يطلبون السلام
وأنتَ تسدد فاتورةَ الماء، فكِّر بغيركَ
مَنْ يرضَعُون الغمامٍ
وأنتَ تعودُ إلى البيت، بيتكَ، فكِّر بغيركَ
لا تنس شعب الخيامْ
وأنت تنام وتُحصي الكواكبَ، فكِّر بغيركَ
ثمّةَ مَنْ لم يجد حيّزاً للمنام
وأنت تحرّر نفسك بالاستعارات، فكِّر بغيركَ
مَنْ فقدوا حقَّهم في الكلام
وأنت تفكر بالآخرين البعيدين، فكِّر بنفسك
قُلْ: ليتني شمعةُ في الظلام

Diktet er skrive av Mahmoud Darwish . Det vart framfört av eldste datter til sjåfören vår, Ghassan, ein sein kveld i januar. Heile teamet mitt var invitert til middag til storfamilien hans, og kveldens vakraste stund var opplesinga av dette diktet.

Susiya forever

Susiya ligg i den sörlege delen av Vestbredden, omtrent 15 km sör for Hebron. Eg har besökt denne landsbyen berre ein gong, men vart straks gripen av historia og ikkje minst av menneska eg mötte der. I ei årrekke har innbyggarane her lidd under den israelske okkupasjonen. I 1986 vart folka her drivne vekk av israelske busetjarar. Menneska som då budde i grotter og holer, lev no i telt, då grottene har blitt rivne og öydelagt gjentatte gongar. Teltleirane er også rasert med jamne mellomrom, men det er trass alt lettare å repare eller setje opp eit telt, enn å reparere ei hole som er knust av bulldosarar, og fyllt med store kampesteinar.

Landsbyen Susiya kjempar for retten til å forbli på eige land

Landbyen Susiya kjempar for retten til å forbli på eige land

Innbyggarane her lev i svärt vanskelege omstende, utan adekvat infrastruktur for elektrisitet, vatn og transport. Denne situasjonen skuldast delvis at palestinske myndigheiter i for stor grad har latt landsbyen seile sin eigen sjö, men mest lir landsbyen under den israelske okkupasjonen.

Susiya ligg midd mellom ein israelsk busetjing og ein millitärstasjon og får ofte uvennleg besök. Spesielt når det er sabbat og busetjarane har heilagdag, angrip dei gjerne bönder, gjetarar, sauer eller esel. Ledsagarane i South Hebron Hills-teamet er difor ofte i landsbyen på fredagar og lördagar, for å gi beskyttande närvär.Men ein annan stor trussel er rivningsordrene som landsbyen har hengande over seg. Högsterett gav landsbyen i 2001 ein midlertidig rettskjennelse for å returnere til eige land, men denne vart annulert i 2007. Fleire gongar har innbyggarane i landsbyen prövd å anka saka, då dei önskjer å få rett til eige land og få leve i landsbyen sin.

Foto: Susiya Forever

Foto: Susiya Forever

For to dagar sidan var eg i högsterett i Jerusalem for å fölgje saka vidare. Ei stor menneskemengde med folk frå landsbyen, menneskerettsforkjemparar, representantar frå Rabbis for Human Rights, andre interesserte, samt presse, var der for å fölgje saka. Den förste delen av höyringa gjaldt ein underskriftskampansje som den högreorienterte organisasjonen Regavim står bak. Saman med den jödiske busetjinga Susiya önskjer dei å framskunde rivninga av dei fleste bygningane i landsbyen.  Den andre delen gjaldt ei underskriftkampanje frå landsbyinnbyggarane saman med Rabbis for Human Right, som vil ha ei oppheving av blokkaden av omlag 3000 dunums av deira jordbruksland.

Diverre vart det ikkje gjort noko endeleg avgjersle i retten denne dagen. Me satt i timevis og venta på at saka skulle kome opp, og då det endeleg gjaldt Susia, vart höyringa utsett. Så menneska i landsbyen er nöydd til å leve vidare med uvisse, slik dei har gjort i fleire tiår allereie.. Men innbyggarane i landsbyen gir ikkje opp. ”Me vil fortsette å kjempe for retten til å bu på eiga land” fortel dei. ”Our home is everything”. 

LEs meir om Susiya forever her.

Foto: Susiya Forever

Foto: Susiya Forever

Min norske ledsagerfamilie

20130130-220034.jpg

Her ser du bilde av mine utrulig flotte norske kollegaer: Johan, Maida og Kari. Som meg er dei plassert i internasjonale team, Johan i South Hebron Hills, Maida i Tulkarem og Kari i Øst Jerusalem.

Kvar gong me har anledning så møtest me, og det er litt som å kome heim.

Bloggene deira finn du her:

Johan: http://johanidethelligeland.wordpress.com/
Maida: http://innsiktitulkarm.blogspot.no/?m=1
Kari: http://kariijerusalem.wordpress.com/

20130130-220147.jpg

Nyhetsbreva mine

Her kan du lese mine tre nyhetsbrev, publisert på Kirkens nødhjelp sine sider:

http://www.kirkensnodhjelp.no/Global/Ledsagerprogrammet/Nyhetsbrev/2013_Anne_S_Vikanes_Nyhetsbrev_3_Israelske_og_palestinske_stemmer_om_framtida.pdf

http://www.kirkensnodhjelp.no/Global/Ledsagerprogrammet/Nyhetsbrev/2012_Anne_S_Vikanes_Nyhetsbrev_2_Ein_absurd_dag.pdf

http://www.kirkensnodhjelp.no/Global/Ledsagerprogrammet/Nyhetsbrev/2012_Anne_S_Vikanes_Nyhetsbrev_1_Tre_kvinner_med_same_mål.pdf

20130130-211106.jpg