Møte med ein moderne ortodoks jøde i Efrat

Me er over halvvegs i opphaldet vårt, og ledsagarane i gruppe 46 er samla til Mid Term orientation week. Me reiser rundt på ulike stadar i Israel, og på programmet står møte med ulike israelarar, som skal formidle sine syn på Israel og på konflikten mellom israelarar og palestinarar.

imageBob Lang bur i busetjinga Efrat, og er med i det religiøse rådet der. Han er opprinneleg fra USA. I følge Bob er Efrat eit samfunn som ønskjer å få status som ein by. Den ligg midt mellom Betlehem og Hebron på Vestbredden. Ei slik busetjing vert sett på som ulovlig under internasjonal lov (Genevekonvensjon 4, artikkel 49), noko Bob ikkje er einig i.

Bob inviterer oss inn i heimen sin. Han er veltalande og karismatisk, med ein god porsjon humor. Det første han gjer er å ta fram ei kartmappe over Israel:

“Det fins ikkje noko godt kart over Israel. Men la oss starte med dette. Det inkluderer Golanhøydene. Når du ser dette kartet så trur du kanskje at Israel er eit stort land, men som du kan sjå; Israel er eit svært lite land. De bruker utrykket Vestbredden, me bruker dei bibelske termane: Galliea i nord, Negev i sør, Jueda som ligg sør for Jerusalem og Samaria som ligg nord for Jerusalem. Dette er landet til Abraham, Isak og Jacob, til David og Salomon, til Jesus, til mange andre heilage.

De høyrer mange gongar at jødar ikkje budde her før 1967. Men jødar har budd her i tusenvis av år. Saka er at dei vart tvunge vekk. Dei vart kasta ut, drept og massakrert. I 1967 kom jødane tilbake til Judea og Samaria. Eg seier ikkje at landet ikkje er heilag for muslimar og kristne, men ikkje nekt for at jødane har hovudretten til å bu her.

Det er mange plassar i desse områda kor du kan stå opp på åstoppane og sjå utover heile lanskapet. Buset du deg på toppane slik me gjer, så har du kontroll over store område. Det er difor me bygger på åsane. Dessverre, i Gaza er målet til Hamas at dei vil øydelegge Israel. No har de jo sjølv sett at rakettane deira kan nå heilt til Tel Aviv og Jerusalem. Ut fra eit sikkerhetssyn så meinar eg at Israel må kontrollere heile dette området, også det som de kallar Vestbredden.

Staden eg bur på blir kalla ei busetjing av verda. Dette er eit busetjing, seier de og den er ulovleg. Men me er ikkje ei busetjing. Dette er eit nabolag, eit samfunn – ein del av 150 liknande samfunn fordelt på 370 000 jødar på denne delen av Israel. Me er ikkje ulovlege. Me er ikkje midlertidige, me er her for å bli. Fakta er at me jødar har rett til å bli her – og me skal alltid vere her. Og me skal bli fleire.

Den andre sida sitt ledarskap er ikkje villig til å bidra til fred. Me måtte flytte sju tusen jødar ut fra Gaza. Men er det blitt fred? Me har mange store samfunn inne i Gallila og Judea, tilsamen 370 000 jødar som bur her. Ca 30 % er sekulære (ikkje religiøse) 30 % er hasidiske jødar,, 35 % er moderne ortodokse jødar, slik som eg sjølv er.

Enten du trur på ein, to eller tre statar – jødane skal leva her! Eg vil ha ein stats løysing, det er det einaste som er mogleg å gjennomføra. Og dei som skal bu her må følgja dei same reglar som alle.

Då me spør han om okkupasjonen av Vestbredden seier han: “Kva okkupasjon? Me okkuperer ingen. Me kontrollerer nokre områder, det er alt. Det er like rettigheiter for alle, både jødar og arabarar”. Når me fortel om at det er ulike reglar for palestinarar og israelarar, der det er ulik straff for samme type brotsverk og at israelarar forhold seg til israelske sivile domstolar og palestinarar til den israelske millitærretten, trekk han litt på skuldrene. “Eg nektar ikkje for at det skjer ting som sikkert ikkje burde skjedd. Eg skulle ønska me ikkje trengte verken politi eller millitære. Men så lenge Hamas styrer slik dei gjer, så må me forsvara oss. Dersom eg beveger meg inn i område A (palestinsk sjølvstyrt område) vil eg bli lynsja”, seier Bob.

Bob snakkar vidare om fred og dialog, men han er heilt tydeleg på at det må vera på jødane sine premisser. Dette er det heilage landet. Jødane er Guds folk.

Når me går tenker eg at det har vore eit interessant møte. Dette er hans verkelegheit. Dette er hans liv. Eg respekterer han for hans gjestfrihet og vilje til å møta oss. Det er nyttig å få kjennskap til ståstaden til ulike menneske, i ein komplisert konflikt. Israelarar er ikkje ei einsarta gruppe. Dei har svært mange ulike meiningar om eigen eksistens og om konflikten. Eg ser fram til å høyre fleire israelske stemmer.

About these ads

4 thoughts on “Møte med ein moderne ortodoks jøde i Efrat

  1. Hei Anne.
    Eg har lese ein del av det du skriv på bloggen din. Du skriv godt og formidla eit budskap. I starten skreiv du at du var nøytral, men i det du skriv på bloggen er du langt frå nøytral. Det er ein gjennomgåande einsidig framstilling. Du skriv om dei snille palestinarane som blir frårøva eigedom, vatn og livsgrunnlag og utestengd frå eigne olivenlundar osv.Som kjempa mot dei stygge jødane i busettingane, på sjekkpoint og soldatane som skyt på tilfeldige osv. Jødane trakkasera, stjel, undertrykkjer og okkupera eit folk som bare vil det gode. Eg tvila ikkje på at palestinarane er snille. Eg har møtt mange palestinarar og jødar på mine 20 turar til Israel sidan 1994.
    Eg har ikkje lese eit positivt utsagn om jødane i det du skriv Anne. Det store mantra i dag er at Israels okkupasjon og busettarane som er grunnen til konflikten og hindrar fred.
    Her er to folk som lir i dette området.
    Det er ikkje okkupasjonen og busettarane som er hovudgrunnen. Problemet er sjølvsagt samansatt, men ein av hovudgrunane er at arabarane(palestinarane) ikkje anerkjenner Israel, men vil utsletta dei. Dei har sagt nei til staten Israel frå dag ein i 1948, og gjennom fleire krigar prøvt å få dei bort.
    Då Israel trekte alle jødane ut frå Gasa i 2005 skulle det bli fred i området. Etter det hagla det med rakettar inn over Israel frå Gasa. Kva skal Israel då gjera?
    I dag bur det ca.1,7 mill palestinarar i israel. Dei som er israelske statsborgar har same rettar som jødane. Dei stiler liste ved val og er medlemmer i nasjonalforsamlinga osv.
    Korleis kan du forsvara at Vestbredden og ein evt. palestinsk stat skal vera jøderein. I Israel skal alle palestinarar få bu fritt, men i Palestina skal ingen jødar få bu.
    Kvifor er situasjone slik for mange palestinarar? No er det ikkje alle som lever slik du skriv. Det internasjonale samfunn inkl.Norge gir kvart år milliardar av kroner til det palestinske folk. Kva blir pengane brukt til. Kva gjer deira leiarskap med det? Kva lærar borna om Israel i skulen? Lærer dei det slik du skriv er det ikkje rart at situasjone blir slik.
    Har du spurt kvifor busettarane må ha vakter, og kvifor folk må gjennom sjekkpoint osv.
    Israels politikk kan diskuterast, og det er episodar som ikkje burde skjedd. men du bør tenkje litt over kvifor, og kva bakgrunn for konflikten er både politisk og religiøst.
    Eg ser kva kjelder du henta din informasjon frå. Ein kan ikkje akkurat seie dei er nøytrale.
    Ha ei fin tid fortsatt. Håpa du får ei litt anna forståing av konfliken enn den du til no har.
    Med vennleg helsing
    Toralf Steinsland

    • Hei Toralf!
      Takk for innlegget ditt! Eg har nettopp kome tilbake til Yanoun etter ei flott veke i Israel, og me har opplevd så mykje! Vore i synogogen, deltatt på deira gudsteneste og lovsong og fått god informasjon om ein moderne ortodoks menighet. Og så var me alle inviterte til familiar til Shabbat middag etterpå. Det var utrulig koselig. Eg kom til ein veldig hyggelig familie og det var interessant og lärerikt å sjå i praksis korleis dei utöver sin religion. Skal skrive om dette i eit eige blogginnlegg, og også frå dei ulike foredraga me har hatt denne veka, av ulike israelarar med ulike synspunkt både på stat og religion og politikk. Ein av dei har eg allereie skrive (om B.Lang).
      Eg vil gjerne svara deg på dei problemstillingane du tar opp, men eg må la det venta litt, for arbeidsoppgåvene her tar tid og det er travelt sidan me har vore ei vekke. Du og eg har ulike meiningar vedr. fleire punkt, og eg kjem til å forklara kvifor eg ikkje deler alle dine synspunkt. Du höyrer frå meg.
      Hels så masse til Rachel og ei god veke til dykk begge!
      Anne

    • Hei Toralf!
      Takk for tilbakemelding fra deg. Eg er fullt klar over at ikkje alle vil vera einige i alt eg skriv på bloggen min. Eg skriv bloggen min for å fortelja om det er ser – det eg opplever. Då eg drog til Israel og Palestina, møtte eg med eit ope sinn. Det meinar eg at eg framleis har.
      Eit av dei første ankepunkta du har er at du meiner eg ikkje er nøytral, og det er klart me kan diskutere dette omgrepet. Eg har sagt at programmet vårt ikkje er pro-israelsk, ikkje pro-palestinsk, men pro-menneskerettighetar. Det vil seie at me vil jobbe for at brot på menneskerettighetar vert gjort kjende, hjelpe til med dei tinga me kan, samarbeide med andre fredsorganisasjonar og elles støtte menneske i nød og i krise. Eg kan ikkje sjå urettferdigheit dagleg, utan å kjenne at det berörer meg. Eg ønskjer å gjere noko. Det er difor eg tar meg fri frå det vanlege livet mitt på Bömlo, og er her i tre månadar. Eg ønskjer at det som okkupasjonen fører med seg for menneska eg møter her nede – ein dag skal ta slutt. Mitt vesle bidrag er truleg berre ein drope i havet, men eg gjer det likevel.
      Eg veit at du heller ikkje er nøytral. Du les mine blogginnlegg med ditt hjerta, di tru, overbevisning og din erfaring. Du er ein Israel-ven og dine reiser i Israel betyr mykje for deg. Eg skjönar det kan vere frustrerande at eg skildrar ein situasjon her nede som ikkje set Israel i det lyset du meiner er det riktige. Noko av det me skulle gjort i veka som gjekk var å besöke folk som bur i Sderot i Israel, området som blir mest råka av rakettane frå Gaza. Pga. snöveret kunne me ikkje dra, men me skal pröve å få det til för me drar til Norge igjen. Der skal me höyra om korleis det er for israelarar å leva med bombeangrep og ein meir eller mindre konstant trussel frå Gaza. Ledsagarane kunne brukt tida inne i Israel annakvar veke, men den israelske befolkninga ville ikkje trengt oss på same måte. Det er også difor me er mest på Vestbredden. Fordi me meiner at det er det palestinske folket i Öst Jerusalem og på Vestbredden som er svakast stilte, og som lir unödvendig i ein konflikt som rammar sivile på begge sider, men som her og no rammar palestinske sivilie mest. Dette er mi meining, og eg respekterer dersom du meinar noko anna.
      Eg brukar ikkje ord som stygge jødar og snille palestinarar på generelt grunnlag, slik du seier. Eg kan forstå at du opplever at det er det eg skriv, ut frå ditt syn på Israel. Ekstreme busetjarar eller brutale soldatar, er ikkje einsarte med alle jødar som bur i Israel. Dei er noko heilt anna enn den skjønne jødiske familen som eg delte Shabbat-middag med for to dagar sidan, og elles mange andre jödiske menneske i Israel som önskjer fred og forsoning. Eg har fått mange tilbakemeldingar frå menneske heime som les bloggen min, som verken er pro-Palestina eller pro-Israel, at dei skjönar dette.
      Av alle dei sju plasseringane som ledsagarane bur på, så er det vanleg at busetjingane (alt i frå små utpostar til store busetjingar som Ariel med 30 000 innbyggarar) har vakter som ber våpen. Men det er ikkje vanleg at palestinarar angrip desse busetjarane, utanom i Hebron kor dei meir eller mindre bur vegg i vegg (eller i kvar sin etasje) og kor dei angrip kvarande. Her er det svärt mange konfliktar, og ei av våre oppgåver er å fölgje palestinske skulebarna på veg til skulen, fordi det ikkje er trygt for dei å gå aleine. Palestinarar har ikkje eigne vaktlag eller stötte av den israelske hären. På dei andre plasseringane me er er det angrep frå valdelege busetjingar – som angrip palestinske landsbyane. Du skriv at det ikkje er busetjarar som er problemet, men her eg bur (Yanoun) og i dei over 20 lansbyane/byane me dekker i Nablus området er dette ei av dei aller störste utfordringane.
      Palestinske myndigheiter mottar store pengesummar frå det internasjonale samfunnet og Norge, og du stiller spörsmål om korleis desse blir brukt. Eg vil minne om palestinske samfunnet har ikkje ei bærekraftig utvikling. Det vil seie at det nesten umogleg for palestinarar på Vestbredden å starte opp ei bedrift, industri eller handel, pga. dei restriksjonar som allereie finnest i område B og C på Vestbredden, og desse to områda utgjer 83 % av Vestbredden. Dei palestinske myndigheitene på Vestbredden er difor heilt avhengig av stötte frå verdsamfunnet. Støtta frå USA har også blitt kraftig redusert dei siste åra, og president Obama har kongressen i mot seg når han ønskjer å støtte Palestina økonomisk. Også andre land har stoppa stötta si, ikkje av politiske grunnar, men rett og slett på grunn av ökonomisk krise i eigne land. Og i desember i år har Israel heldt tilbake pengar som skulle vore utbetalt til palestinske myndigheiter, dette som ein reaksjon/protest på at Palestina har blitt observatörstat i FN. Det siste har blitt kritisert av FN.
      Alt dette förer til at offentleg tilsette; lärarar, politi, brannmenn, helsepersonell og tilsette i myndigheitene, ikkje har fått utbetalt lön på mange månader på Vestbredden. Eg har mött så mange lärarar som ikkje har nok pengar til å forsörga familien sin, og det er ein fortvilande situasjon. Så når du lurer på kor pengane blir av, eller korleis desse er forvalta, så er svärt mykje mindre pengar det er snakk om enn kva det var for nokre år sidan, og dessverre heilt nödvendig at den stötta som vert gitt – vert brukt for å oppretthalde eit minimumsdrift av offentleg tilsette i Palestina.
      Me lærte mykje om dette når me denne veka besøkte det norske konsulatet som jobbar med dei palestinske sjølvstyremyndigheitene i forrige veke. Ein av dei norske diplomatane der, berømma dei palestinske sjølvstyremyndigheitene i dei palestinske okkuperte områda, for sakte men sikkert bygge opp ein palestinsk stat som kan verte ein god og demokratisk for folket sitt. Han sa at norske myndigheiter hadde gode system for å sjekke at pengane vart brukt til det dei skal, og at korrupsjonsanklagane mot Palestinske myndigheiter var overdrivne blant folk flest.
      No snakkar eg om Fatah, altså palestinske sjölvmyndigheter, på Vestbredden. Eg ser du skriv ein god del om Hamas. Problematikken i at palestinarar i Gaza og på Vestbredden har ulikt leiarskap med ulikt syn på korleis denne konflikten skal löysast, er absolutt til stades. Det er også eit av hindera til fred. Men eg minnar om at eg arbeider på Vestbredden med palestinarar som bur her. At her har dei palestinske sjölvstyremyndigheiter, som har jobba for at dette området nyleg har blitt vald som observatörstat i FN med eit overveldande fleirtal med stemmer frå svärt mange land, inkludert Norge. Eg er sjölvsagt ikkje einig i alt palestinske myndigheter gjer eller bestemmer her nede, men eg fölgjer Norge sin politikk med å ha tillit til at dei viser at dei er på rett veg.
      Du skriv om rakettangrepa som Israel fekk mot seg frå Gaza i 2005, noko eg tar heilt avstand frå – både då og no. Me veit kva Israel gjorde for å svara på desse angrepa seinare i årskiftet 08/09. Nokre meiner kanskje at dette er nödvendig. Andre – inkludert meg – meiner Gazakrigen var ein unödvendig sterk og brutal reaksjon frå Israel.
      Skuleböker: Eg har sett skuleböker på begge sider. Ingen av dei gir eit venleg bilete av den andre parten. Bökene i Israel er fulle av millitärpropagande og elevane har storesöstre og brödre som går med gevär og som kjempar for å beskytte dei mot palestinarane som dei ser på som terroristar. Barna i Palestina har Israelsfiendleg propaganda i sine böker, og dei ser ser bilete rulla over tv-skjermane med döde palestinske barn som gir dei mareritt om nettene. Det blir gjort feil på begge sider.
      Du skriv at eg önskjer meg ein stat heilt fri for jödar. Når har eg skrive det? Visst det er Vestbredden her og no du tenker på, så er dette området okkupert av Israel, og det ut frå folkeretten er ulovleg av ei okkupasjonsmakt å busetje sitt eige folk der. Og om ein hadde fått ein to-stats löysning, så forsvarar ikkje eg at det berre må bu palestinarar eller berre muslimar i staten Palestina. Men det er uansett ikkje opp til meg å bestemme. Mange av palestinarane som kjempar for ein eigen stat gjer det av same grunn som Israel önskjer det. Dei vil leve eit liv i fridom og også i fred med sine naboar. Dei 1,7 millionane palestinarar som du nevner som no bur i Israel, klarar jo fint å leve der utan at dei lagar spesielt mykje bryderi for Israelske mydigheiter?
      Eg veit at argumenta for kontrollpostar ofte er sikkerheit. At muren som skil Vestbredden frå Israel beskyttar og sikrar mot sjölvmordsangrep, som det dessverre var svärt mykje av i tida då den vart bygd i 2001. No hindrar den kronglete muren – som strekker seg langt inn på Vestbredden – bevelsesfridomen, og gjer det unödvendig vanskeleg for folk til å utföra daglegdagse gjeremål, som ikkje har noko med sikkerhet å gjera. Det kunne vore gjort på ein mykje smidigare måte. Og det kunne vore gjort på ein meir human måte.
      Eg meinar at det er mange grunnar til at det framleis ikkje er fred mellom Israel og Palestina. Både palestinske myndigheiter og Israel si regjering har gjort feil. Kven som har gjort mest feil, har folk ulike meiningar om. Eg veit mykje om historien på begge sider, men eg er mest av alt opptatt av at ein må sjå framover. Og okkupasjonen av palestinararne, slik den fungerer i dag, er eit stort hinder for fred. Eg ser dagleg at menneske, gjennom å oppleve dagleg diskriminering og urettferdigheit, misser håp og tru. Og dei ankar på kva den oppveksande generasjonen vil gjera. Kjem dei til å vere like tålmodige som oss? spør dei.
      Langt innlegg dette, men du hadde berört så mange ting som eg önska å gi ei tilbakemelding på. Igjen: Eg respekterer at du har andre meiningar enn meg.
      Ein av dei som eg også respekterer er Anne Sender, som er jøde, tidlegare leiar i det mosaiske trussamfunn i Norge – og sterk Israelvenn. Men ho har mottatt kritikk frå sine eigne, og frå kristensionistar i Norge, fordi ho var modig og raus nok til å også vilja sjå ting frå den andre sida. Ho kontakta Ledsagerprogrammet, som ho tidlegare hadde kritisert for å vera for partiske med palestinarane, og reiste i sommar som ledsagar (slik eg er) i 3 månadar i Øst jerusalem og dei okkuperte palestinske områda. Ho ville sjå og oppleva med eigne auge. Då ho kom heim i haust sa ho at møte med det okkuperte Palestina var eit smertefullt møte, og at det hadde opna augo hennar på mange punkt. Ho kritiserte også dei palestinske styresmaktene, men ho meiner at Israel har höve til å vise vei, endre kurs og ta ansvar og lede mot fred. Likevel er ho like mykje sionist og israelvenn som før – og det er det som eg synest er så fint. Du kjenner truleg til kronikken hennar, men eg legg likevel ei lenke til den her, dersom du eller andre er interessert.

      Igjen: Alt godt til deg og dine! Eg håpar vinteren på Bömlo blir fin og kald, slik skikkelege vestlandsvintrar skal vera.
      Anne

      PS: Dersom du har kilder som du önskjer eg kan bruka og som du meiner er meir nöytrale enn dei eg har brukt, tar eg gjerne i mot tips.

  2. Tilbakeping: EAPPI, lectures, Shabbat and other thoughts | Spindelmaker Janne Robberstad

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s