Sabbath Shalom

Fredag kveld er me ein synagoge som heiter Kehilat Yedidiya. Ledsagarane er invitert til å delta på sabbat, först med å vere med på gudsteneste og lovsang i menigheten Kehilat Yedidiya, etterpå til å delta på sabbatsmiddag heime hos ulike jödiske familiar.

Fredag kveld er me ein synagoge som heiter Kehilat Yedidiya. Bilete er henta fraa menigheten si eiga webside.

Fredag kveld er me ein synagoge som heiter Kehilat Yedidiya. Bilete er henta fraa menigheten si eiga webside.

Etter ei spennande veke i Israel der me har mött ulike israelarar og ikkje minst snö og uver, ser alle fram til denne kvelden. Deborah Weissmann (tidlegare leiar for Council of Jewish-Christian Relations) önskjer oss velkomen: ”Legg vekk kamera, penn og papir, mobiltelefonar”, smiler ho til oss. ”Det er sabbat og me treng alle å kvile”. Ho forklarar oss litt om innhaldet i gudstenesta, litt om menigheten ho tilhöyrer og litt om seg sjölv. ”Me er vane med å ha gjester her, og me er glade i ökumenisk arbeid”.

Deborah Weissmann er tidlegare leiar for Council of Jewish-Christian Relations.(photo CJCR)

Deborah Weissmann er tidlegare leiar for Council of Jewish-Christian Relations

Så deler ho ut små luer til mennene og viser oss inn i lokalet. Eg går saman med kvinnene og songen er allereie i gong. Seremonien består av Kabbalat Shabbat: Å önskje kviledagen velkommen. Ein forsangar står midt mellom mennene og kvinnene – og menigheiten syng med. Det er berre allsang, nokon gonger fleirstemt. Nokre klappar, andre trampar til den stödige rytmen, men elles er det ingen instrument som akkompagnerer songen.

Melodiane er vakre og det er lett å fölgja med. Eg ser melodilinjene i hovudet og den enkle besifringa. Det vekslar enkelt mellom dur og moll, og har eit eige särpreg. Seremonien er verdig, men likevel noko uformelt på ein måte. Folk ber i sitt eige tempo, nokre snakkar litt saman, barna tumlar rundt og halvstore jenter får ekstra tid til kos med mor. All resisasjonen, songen og talen föregår på hebraisk, men me har fått hefte med engelsk oversetjing. Böner, velsigningar og takksigelsar ein stor del av innhaldet. Ei dame i 50-åra hjelper meg med å finne ut kor me er i heftet. Ho peiker og smiler varmt til meg. Eg smiler takknemleg tilbake. Seinare viser det seg at det er akkurat denne dama som tar meg og to andre nordmenn med seg heim til familien sin.

Me spaserer frå synagogen saman med familien. Kvinna er frå Sverige, heiter Noomi og ho flytta til Israel som 18-åring. Noomi snakkar svensk, engelsk og hebraisk, og det same gjer dei sjarmerande barna hennar. Mannen er på forretningsreise og me pratar mykje svensk og norsk denne kvelden. Noomi fortel:

”Kviledagen blir starta her i heimen för me går til synagogen. Me tenner to lys og velsigner sabbaten, og så sit me alltid ei stund i sofaen og snakkar litt om veka vår, för me skal gå. Alle mobiltelefonar er lagde vekk, ingen ser på internett eller höyrer på musikk. Denne tida er heilag for familien. Så går me saman til synagogen. Resten av kvelden skal de jo få vera med på no. Kvar fredag gjer me det på akkurat same måte. Me har förebudd alt maten på förehand. Når det er Sabbath köyrer me ikkje bil, me tenner ikkje meir lys, me arbeider ikkje, spelar ikkje på instrument eller les böker. Eg set ikkje blomar i vatn. Eg tenner ikkje ei fyrstikke. Det er mykje arbeid med å förebu eit Sabbat-måltid, men det er verdt det”.

sabbath ShalomKiddush er ei jödisk bön og seremoni som resiteres over vin. Både kvinner og menn kan gjere dette. Me drikk den söte vinen og går på kjökkenet for å vaska hendene. Dette vert også gjort på ein spesiell måte. Alle fyller ei lita mugge med vatn etter tur og skyller hendene. Eg mottar handkledet, törker hendene mine, og gir handklede vidare til den som står ved sida av meg. Ingen snakkar saman, för ein set seg og er klar til å eta. Og så syng ein igjen. Lange, lange tekstar, som denne familien syng full fart innimellom, for at ikkje alt skal ta så utrulig lang tid, fortell den nest eldste jenta med eit glimt i auga.

Gjennom måltidet snakkar me om alt mogleg, men også om religion og ikkje minst om jödedom. Det er jo ein av grunnane at me er på besök. For å lära og for å lytta. Familiens to eldste dötrer er/har vore i millitäret. Dei fortel om sine millitärtenester, og også om si praktisering av tru. Dei praktiserer trua si ulikt. Ingen av dei tenestegjer inne i det palestinsk okkuperte området (Vestbredden) og dei treng heller ikkje bere våpen heile tida. Dei har difor ei ganske annleis milliterteneste enn mange av dei andre soldatane som me möter dagleg i vårt arbeid som ledsagarar.

Det er også ulike syn på politikk i familien, og det er rom for det. Mor har jobba mykje med å få israelske og palestinske ungdommar til å mötast og bli kjendt, og gjera ting saman. Familien er sjölvsagt også nyssgjerrige på oss tre som er der, både som privatpersonar men også kva oppdrag me har med å delta i ledsagerprogrammet. Me fortel om programmet, kva oppgaver me har og korleis dagane kan vera. Me snakkar om interesser, utdanning, skulesystem, politikk, om framtidsdraumar. Det er mykje latter og glede. Og alvor. Om minstejenta sjarmerer oss alle.

Den eine retten etter den andre vert servert, og me avsluttar med fersk frukt dyppa i sjokolade. Alle har plass til litt meir av det! Måltidet er over og me takkar for oss og for den gode mottakinga me har hatt. Så blir me fulgt tilbake til ei av hovudgatenne for å ta ein taxi tilbake til hotellet vårt. Igjen har eg hatt ein spennande og lärerik dag, og mött menneske som eg får stor respekt for.

About these ads

5 thoughts on “Sabbath Shalom

    • Takk, kjäre Janne. Det var ei flott veke i Israel,og enda kjekkare sidan du kom på besök. Avrundinga med Shabbath feiring og rusletur i gamlebyen var perfekt. Me kjem til å ha mykje å mimre om når me blir gamle :)

  1. Tilbakeping: EAPPI, lectures, Shabbat and other thoughts | Spindelmaker Janne Robberstad

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s