Möte med Avner Gvaryahu

Dei ti förste dagane av oppläringsprogrammet i Jerusalem og Yanoun er over. Det har vore eit tettpakka program, der alt frå sikkerheitsrutinar, internasjonal humanitærrett (folkeretten) og ikkje minst möte med ulike menneske som jobbar for å få slutt på okkupasjonen. Under kan du lesa om eit av möta som har gjort mest intrykk på meg.

AVNER GVARYAHU

Dei internasjonale ledsagarane fekk eit möte med Avner Gvaryahu, frå Breaking the Silence.

Dei internasjonale ledsagarane fekk eit möte med Avner Gvaryahu, frå Breaking the Silence.

Avner Gvaryahu mötte me torsdag 27. november i Öst Jerusalem. Han er ein av 800 israelske soldatar som har vald å stå fram med sin historie etter å ha gjort si millitärteneste i det okkuperte palestinske området.

“Eg vaks opp i eit religiöst scionistisk samfunn. Som barn vart me förebudd på at me skulle i millitäret, og eg gjekk inn med opne auge. Eg var opptatt av å vera ein god og human soldat. Eg hadde lommene fulle av godterier til dei palestinske ungane, eg var höfleg i kontrollpostane med dei som stod der time etter time. Förste gong eg gjekk inn i eit palstinsk hus midt på natta, fekk eg beskjed at dette var ein del av oppläringa vår. Me overtok huset, sa det var av millitäre grunnar, og så vart me der. Time etter time. Me visste at me skulle vera der berre ei natt, men dei som budde der visste ingenting. Å ikkje gi noko varsel og informasjon var ein del av planen: Å visa vår tilstedevärelse. Å visa at me var overalt. At me kunne dukka opp når som helst. Me spelte på frykt og makt.For oss spelte det ikkje noko rolle kva type palestinar du var. Dersom me ikkje fann han me ville arrestera, arresterte me broren eller söskenbarnet. Me gav ikkje noko grunn. For oss var det enten oss eller dei. Etter ei stund stoppa eg å stilla spörsmål med det me gjorde. Om det eg fekk beskjed om å gjera. Personlegheiten mi vart strippa vekk.

Etter millitäret var det dei personlege möta med palestinarane som heimsökte meg. Det slo meg; for ein vannvittig situasjon me var i. Kva eg hadde vore med på. Seinare, etter millitärtenesta mi, mötte eg Breaking the Silence. Dei ba meg om å fortelja mi historie. Eg hadde ingenting å fortelje dei. Ingenting eg kunne vere stolt over. Eg var ein typisk israelar. Me er ikkje villig til å bli kritisert. Me har slutta å snakka med det internasjonale samfunnet.

I dag arbeider eg for å enda okkupasjonen gjennom Breaking the Silence. Israel er sterk nok til å overleva, sjölv om me tillet palestinarane til å leva med verdigheit. Okkupasjonen handlar for meg ikkje om sikkerheit, men om å halda eit folk nede. Nokre israelarar trur at palestinarane vil vera vår neste Holocaust. Det er ikkje kva eg trur. Israel vil eksistere – men det må Palestina også.”

Du kan lesa meir om Breaking the Silence her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s