Ein skule som skal rivast

EIn av dei siste dagane på oppläring i Jerusalem besöker eg Khan Al Ahmer, eit okkupert palestinsk område i örkenen öst for Jerusalem. Her ligg ein liten beduin lansby i det såkalla område C. Dette er Israel kontrollert sone, som dekker over 60 prosent av Vestbredden. På grunn av ei rekke med restriksjonar som hindrar palestinarane til å bygge, risikerer landsbyar og små samfunn at skulane dei byggjer for å utdanne barna deira vert rivne.

Beduin landsbyen Khan Al Ahmer ligg i område C öst for Jerusalem.

Beduin landsbyen Khan Al Ahmer ligg i område C öst for Jerusalem.

Khan Al Ahmar sine innbyggarar lev eit hardare liv enn dei aller fleste av oss. Dei er beduinar, bur i enkle telt eller skur, utan tilgong til vatn, toalett og elektrisitet. For inntil to år sidan måtte barna i denne lansbyen gå til eller haike til ein skule i Jericho, 14 km unna. Etter at fire av barna vart drepne langs motorveien, bestemte innbyggarane i landsbyen at dei ville bygge sin eigen skule.

Skulen er bygd av gamle bildekk og törka gjörme, med hjelp av ein italiensk hjelpeorganisasjon.

Skulen er bygd av gamle bildekk og törka gjörme, med hjelp av ein italiensk hjelpeorganisasjon.

Med hjelp frå den italienske hjelpeorganisasjon Vento di Terra Onlus, vart den nye skulen bygd av gamle bildekk og törka gjörme. Skulen fekk straks rivningsordre frå Israelske myndigheter. I tillegg vart fekk famliane i beduin landsbyen rivningsordre på husa sine, sidan to israelske busetjingar i närleiken planlegg å utvide.

“ Me har budd i denne lansbyen heile livet vår. No er barna våre redde kvar dag for at denne skulen som me er så takknemlege for skal rivast.” Dette fortel borgermesteren i lansbyen. Han fortel vidare at internasjonale organisasjonar, derimellom Eappi, kjem og besökjer beduinane igjen og igjen, og fortel vidare om lansbyen til internasjonal presse og hjelper til med å protestere til Israelske myndigheter. “Det betyr alt at me ikkje blir glöymt” seier han. Förebels star skulen der den står.

Heldigvis er det mange gode leikekameratar i beduinlandsbyen!

Heldigvis er det mange gode leikekameratar i beduinlandsbyen!

Denne landsbyen er ikkje den einaste. Tjue andre beduin samfunn i område C möter den same trusselen om rivningsordre og forflytting. Over to-tredjedeler av innbyggarane I desse områda er barn.

Berre eit par kilometer unna denne lansbyen ligg israelske busetjingen Ma’ale Adomim. Denne byen er også bygd opp i ein skrinn örken. I 1975 var det 25 familiar som bygde sine hus her. No har busetjingen auka til over 20 000 innbyggjarar. Her er det vatn nok til alle. Det er grönt og frodig og er eit ettertrakta område for mange israelarar. Busetjinga Ma’ale Adomin har vunne to nasjonale miljöprisar for sine gröntområde, leikeplassar og utandörs skulpturar. Husprisane er også subsidiert, slik at svärt mange israelarar önskjer å bu der.

Israelske busetjingar i dei okkuperte områda er ikkje godkjendt av internasjonale rett. Israel sjölv derimot meinar at busetjingar er lovlege og bygger fleire og fleire på Vestbredden. Dette skjer samtidig som palestinarane ikkje får bygga og utvida for sine familiar og sine barn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s