Arrestasjonar av Hibed (15) og Yassid (14), to gutar som bur i landsbyen Urif og busetjarvald frå Ytzhar.

Vanntanken med nödvendig vatn er velta av valdelege busetjarar.

Vanntanken med nödvendig vatn er velta av valdelege busetjarar.

Du kan lett kjenne igjen eit palestinsk hus på Vestbredden. Dei har ikkje same tilgong til vatn som israelarar, og har difor vanntank på taket. Denne er intakt.

Du kan lett kjenne igjen eit palestinsk hus på Vestbredden. Dei har ikkje same tilgong til vatn som israelarar, og har difor vanntank på taket. Denne er intakt.

I dag vart me ringt til av vår lokale kontakt i lansbyen Urif, Abu Mahmoud, på grunn av härverk og vald frå busetjinga Ytzhar like i närleiken. Vald i fra busetjarar er ikkje uvanleg i denne landbyen, og dei siste fire dagane har angrep fra israelarane som bur i busetjinga Ytzhar vore aukande. Det har truleg samanheng med at FN har godkjendt Palestina som observatörstat
.
I dag kl. 14.05 angreip israelske busetjarar eit av dei minste husa i byen, närast der dei bur sjölv. Jamal Abdullah Schadi bur der saman med kona og fem barn.
“Busetjarane öydela gjerde rundt huset vårt, knuste eit vindauge, klatra opp på taket og velta vanntanken vår som gir oss vatnet mei treng til det mest nödvendige. Alt vatnet rann ut. I mens göymde kona mi barna våre på badevärelset. “

Jamal fortel vidare at den israelske hären kom. Dei kasta ei lydbombe inn på terrassen og gjekk deretter nedover i lansbyen og byrja å leite mellom husa etter ungdommar dei meinte hadde gjort noko ulovleg. Härverket mot familien sitt hus gjorde dei ikkje noko med.

Soldatar gjekk mellom husa og me fulgte etter dei på litt avstand opp til der millitär-jeepane deira stod.

Soldatar går mellom husa og me fölgjer etter dei på litt avstand opp til der millitär-jeepane deira står.

Då Eappi-ledsagarane kom til lansbyen, gjekk me opp på taket til vår lokale kontakt. Her observerte me grensepoliti, israelske soldatar og busetjarar. Dei siste hadde no dratt tilbake til åskammen eit stykke unna. Berre fem minuttar etter me kom såg me at soldatar arresterte ein ung gut nede I landsbyen.

For barna i landsbyen Urif er det vanleg å sjå soldatar. At dei arresterer to mindreårige er likevel ikkje kvardagskost, men det har hendt mange gongar för.

For barna i landsbyen Urif er det vanleg å sjå soldatar. At dei arresterer to mindreårige er likevel ikkje kvardagskost, men det har hendt mange gongar för.

Seinare mötte me broren hans som fortale at guten er 14 år og heiter Hibeb. Me såg soldatane kome oppover mot huset vårt og bestemte oss for å gå dei i möte, for å observere og ta bilder av det som hende. Då me mötte dei hadde dei arrestert ein annan gut, Yasid, som er 15 år. Me gjekk bort til soldatane, men dei ville först ikkje sleppe oss forbi. Me gjekk likevel forbi dei, bort til ein av fleire millitärjeepar. Yasid var allerede sett bak i jeepen, og me kunne ikkje sjå inn til han.

Familie og naboar er prega over det som har skjedd. Ingen av dei veit kor lenge gutane som er arrestert blir halde i fangenskap.

Familie og naboar er prega over det som har skjedd. Ingen av dei veit kor lenge gutane som er arrestert blir halde i fangenskap.

Me fekk snakka med mor til Yasid.
” Me åt middag og höyrde at det var så mykje bråk utanfor. Yasid gjekk ut for å sjå kva som skjedde og soldatane gjekk bort til han og tok han med seg. Eg veit ikkje kor han er no. Eg veit ikkje kvifor dei tok han med seg. Kva har han gjort? Dei gav meg ingen grunn for arrestasjonen.”

Medan me drar fra lansbyen tenker eg på Avner Gvaryahu som eg har skrive om på bloggen min. Denne tidlegare israelske soldaten fortalte at det ofte var tilfeldig kven dei arreste – det var meir for å vise makt og for å skape frykt. For meg var det umogleg i dag å ikkje trekke paralellar til hans vitnesbyrd. Arrestasjonane i dag verka tilfeldige og også totalt meiningslause.

Dette er det eg har sett og observert i dag. Dette er definitivt ei anna verd enn kva eg er van med. Me er her for å rapportere om brot på menneskerettigheiter og me har sendt frå oss rapport om hendingane til kontoret til EAPPI i Jerusalem. Desse sender vidare til FN og til Internasjonal Röde Kors.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s