1. söndag i advent

För gudstenesta nyt eg den vakre utsikten frå kyrkjetrappa.

För gudstenesta nyt eg den vakre utsikten frå kyrkjetrappa.

Eg er på gudsteneste i St. Philip’s Anglican Church i Nablus. Kvar söndag samlast me i ei av kyrkjene i byen for å vise solidaritet med kristne palestinarar på Vestbredden. I dag er ein spesiell dag. Det er förste söndag i advent og den förste dagen i det nye kyrkjeåret.

Det er enkelt, men vakkert i den angelikanske kyrkja.

Det er enkelt, men vakkert i den angelikanske kyrkja.

Eg tar bilete av den enkle adventstaken når gudstenesta er over.

Eg tar bilete av den enkle adventstaken når gudstenesta er over.


Det förste lyset i adventsstaken er tent. Fader Ibrahim Nairus samlar kyrkjelyden sin i bönn. Me har fått ei engelsk oversetjing av liturgien. Presten ber for ein rettferdig löysing på okkupasjonen på Vestbredden, samt ein evigvarande fred, som skal kome alle Guds til gode, både jödar, kristne og muslimar. Felleskapet er sterk og tonane frå det enkle orgelet spelar melodien til ”Deilig er jorden” som siste salme.

Ledsagarane frå Eappi viser solidaritet med dei kristne kyrkjene i Palestina.

Ledsagarane frå Eappi viser solidaritet med dei kristne kyrkjene i Palestina.

Menigheten samlast til kyrkjekaffi etterpå. Gjestfriheten er stor og me blir takka for at me viser solidaritet med deira situasjon. Det blir stadig färre kristne palestinarar på Vestbredden. Livet under okkupasjon er hardt, fortel dei til oss. Det er stadig färre som kjem på gudstenestene.

Kyrkjene me möter i samband med vår deltaking i det ökumeniske ledsagerprogrammet i Israel og Palestina , har fellesskap med har samla seg om det Palestinske Kairosdokumentet, offentleggjort i Bethlehem i 2009. Dokumentet er eit rop om korleis dei kristne i Palestina opplev livet under okkupasjon. Det er eit vitnesbyrd om deira tru, håp og vilje til å skapa fredeleg sameksistens med alle mennesker som lev i området, også jödar og muslimar. Dei utfordrar også det internasjonale samfunnet og särleg kyrkjene i verda til å vise i ord og handling at dei står mot urettferidgheit og at dei vil arbeida for ein rettferdig fred.

One thought on “1. söndag i advent

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s