Nahla

Nahla mötte eg for to dagar sidan. Nokre gongar möter du menneske som du ganske fort kjenner tilhörighet med. Som det er lett å prata med, dela personlege historiar med og også bli glad i. Slik vart mitt möte med Nahla. Eg håpar eg treff ho snart igjen.

Nahla er mor til fem. Ho og familien har i mange år blitt trakkasert av ekstreme busetjarar som bur like ved.

Nahla er mor til fem. Ho og familien har i mange år blitt trakkasert av ekstreme busetjarar som bur like ved.

Nahla er 38 år og kjem frå Jordan. Ho bur no i Asira al Qibliya i område B på Vestbredden. Nahla og mannen bygde huset sitt for ni år sidan. Det er eit fint hus, men er omringa av höge murar med piggtråd og ein hög jernport. Mannen er sjåför og jobbar lange dagar, medan Nahla er heimeverande med sine fem barn.

Nahla fortel at det sidan 2008 har det vore trakkasering og vald frå busettarar frå utposten Yizhar. Det har vore så ille at dei måtte bygge ein hög mur rundt huset for to år sidan. Det har vore roligare etter dette, men Nahla er likevel ikkje trygg.

Jödiske busetjarar har fleire gongar tagga davidstjerne på husveggane utandörs. Dette er vanleg for å markere at plassen dei bur på tilhöyrer jödar, og ikkje palestinarar.

Jödiske busetjarar har fleire gongar tagga davidstjerne på husveggane utandörs. Dei gjer det for å markere at plassen familien bur på tilhöyrer jödar, og ikkje palestinarar, i fölge dei sjölv.

Huset til familien er omringa av ein stor mur med piggtråd på toppen. Det har vore mindre trakkasering etter dei bygde muren, men framleis er det utrygt å vera ute.

Huset til familien er omringa av ein stor mur med piggtråd på toppen. Det har vore mindre trakkasering etter dei bygde muren, men framleis er det utrygt å vera ute.

”För muren rundt huset kom busetjarane inn her og malte davidstjerne på husveggane, knuste vindauge og skaut på huset med våpen. Det er merke i muren framleis, men mykje har me reparert. Eg önskjer at det skal sjå fint ut, for eg er stolt av huset mitt”. Ho viser oss merke etter lydbomber på veggane. Brönnen som er driven av ein motor har vorte öydelagt fleire gongar. Det kostar så mykje å reparere og å kjöpe nytt. Familien bur difor i kjellaren og hovudetasjen står förebels tom.

Me set oss ute i hagen og får servert te med mengder med sukker. Her dyrker Nahla grönnsaker, urter og frukt. Fleire av plantene har vorte öydelagt av busetjarar som har kome seg inn i hagen.

” Barna er så glade i dag fordi de er her på besök. Det betyr at dei kan leike ute. Vanlegvis kan eg ikkje la dei vere utanfor huset. Eg er redd for at det vert kasta steinar eller anna på dei. Eg går ikkje å handlar i landsbyen heller. Mannen min bringer alt me treng heim til oss. Me er fange i vår eigen heim.”

Ungane til Nahla synest det er spennande med besök. To av dei viser oss engelskbökene som dei brukar på skulen. Dei er gode i engelsk og kommuniserer godt.

Eg spör Nahla om ho ikkje önskjer å flytte her ifra?
”Eg elskar barna mine, eg elskar mannen min. Eg er lukkeleg. Eg vil vere her. Sjå på det fine huset me har bygd.Sjå på den fine utsikten! Me har investert så mykje. Kanskje dei er misunnlege på oss? För eller seinare må dette ta slutt. Eg er sterk, mannen min er sterk, barna mine er sterke. Me skal klare oss.”

4 thoughts on “Nahla

  1. Det er så fint å følge deg og det du skriv om erfaringane dine, Anne. Det er så viktig at desse forteljingane frå livet kjem fram og ut i verda. Eg undrar meg stadig over kva som får menneske til å stilla barn til rette for vaksne sin galskap.

    • Takk for du fölgjer bloggen min. Det er godt å vita. Barn her nede må lida på ein måte me aldri ville tillete i Norge. Det må koma fram. Verdighet er det same, uansett kor me bur og kven me er. Ein ting er klasseskilje og fattigdom, men det er den daglege diskrimineringa og korleis barn må lida under okkupasjon som tar mest på av det eg ser her ned.
      Alt godt til deg heime.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s