Når möte med soldatar blir ein del av skulekvardagen.

Skulebarna me mötte förste dagen önska å utrykka sin solidaritet med barna i Gaza.

Skulebarna me mötte förste dagen önska å utrykka sin solidaritet med barna i Gaza.

Igjen har eg vore innom ein skule i As-Sawiya for elevar mellom 12 og 16 år. Förste gongen me var her var midt under bombinga av Gaza, som svar på Hamas sine rakettangrep. Det var ei rekke demonstrasjonar på heile Vestbredden. Bilder av döde barn rulla over tv-skjermane og elevane var prega av det som har hendt. Det er dei framleis.

Elevane er redde for dei israelske soldatane. Dei möter dei mange gongar i löpet av ei skuleveke. Millitäret er overalt. Også ved ved inngongen til skuleporten tidleg på morgonen, eller elevane vert ransaka på skulevegen heim. Skulen ligg mellom to israelske busetjingar. Elevane likar ikkje soldatane, som ransakar ranslane deira og stoppar dei jamleg. Nokre av elevane blir provoserte og kastar stein mot soldatane – svaret frå millitäret har fleire gongar vore at soldatane har skote lydbomber og tåregass inn i skulegården.

Skulen har eigen psykolog , Mundhid Safadi, som har jamlege samtalar med barna og ungdommane.
” Elevane våre er direkte berört av valden og maktovergrepa dei opplever. Dei har mareritt om nettene, og teikner teikningar fulle av soldatar, vald og blod. Me merker også at leiken blir meir aggressiv. Dette er ikkje godt for nokon, ingen barn skal oppleve slikt.”

Skulepsykologen fortel oss om elevane sine opplevingar i möte med soldatar

Skulepsykologen fortel oss om elevane sine opplevingar i möte med soldatar

Barna me möter den förste dagen har mykje på hjarta. Men mest av alt vil dei seie til oss at dei tenker på barna i Gaza og at det er viktig for dei å vise solidaritet med desse. Seinare på dagen då me köyrer forbi er skuledagen slutt. På nytt står israelske soldatar utanfor skuleporten.

I dag har me vore innom skulen igjen. Denne morgonen var det ingen soldatar, men det viser seg at soldatane var utanfor skulen i går ettermiddag ved skuleslutt. Då tok dei med seg Noor, ein gut på 12 år. Dei heldt han i millitär-jeepen i fleire timar. Faren til Noor kom og det vart heftige diskusjonar. Til slutt fekk guten bli med faren sin heim.

Me snakka med Noor. Han er tilbake på skulen og verkar litt blyg over oppmerksomheten.
” Dei spurte meg om igjen og om igjen om eg hadde kasta stein, men eg sa nei. Eg har ikkje kasta noko som helst. Dei slo meg i ansiktet. Ein gong.”

Noor på 12 år snakkar med sjåfören vår om det som hende i går. Han var redd då soldatane heldt han i millitärjeppen i over to timar.

Noor på 12 år snakkar med sjåfören vår om det som hende i går. Han var redd då soldatane heldt han i millitärjeppen i over to timar.

Eg snakkar med rektor på skulen, Adnan Ahmed Hussain, og me deler nokre felles tankar om elevar, skulegong og det å vekse opp – i Norge og I Palestina. Eg möter ein rektor som er glad i elevane sine og som er fortvila over situasjonen dei er i.

” Eg har kjent elevane sidan dei var ein neve stor. Mine eigne barn går på denne skulen. Eg kjenner meg makteslaus når soldatane brukar tida si til å plage skulebarn. Eg önskjer å beskytte dei. Den israelske hären burde ha andre ting å gjera på. Dette skaper ikkje fred.”

Me som er ledsagarar i Eappi kjem til å overvåke denne skulen, i alle fall ein gong i veka i ein periode framover. Når det er internasjonale til stades pleier hären å unngå å koma i like stor grad som för. Dette er ein del av oppdraget vårt her på Vestbredden. Å gi beskyttande närvär til dei som treng det mest. Det kjennest som ei uoverkommeleg oppgåve, men kvar dag blir me likevel mött av menneske som takkar oss igjen og igjen for jobben me gjer.

4 thoughts on “Når möte med soldatar blir ein del av skulekvardagen.

  1. Stå på Anne! Så bra at dere følger opp denne skolen tett, de lider mye og det er hjerteskjærende å høre hva barna sier. Utrolig at en stat bruker ressurser på å arrestere og traumatisere 12-åringer.

    • Takk Mathilde! Du har jo vore her så me opplever nok desse elevane likt… Synest det er utrulig trist. Lykke til med din kvardag framover – og takk for jobben du gjorde i Yanoun og elles!

  2. Utrolig trist å lese dette, og sammtidig veldig godt å vite at det finnes slike som dere som tar ansvar og viser oss andre hordan livet er for dei som er oppe i det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s