Yassid er heime hos familien sin

Yassid vart tatt med av hären i fem timar. Det var fem tunge timar for både han og familen hans.

Yassid 14 år

I dag har eg snakka med Yassid, ein 14 år gammal gut som vart arrestert i förre veke. Eg skreiv om han på bloggen min, men då visste eg ikkje om han vart sett fri igjen eller ikkje.

Eg möter Yassid i stova heime i huset hans. Far og storebror er med, medan mor lagar te til oss. Yassid fortel at det har vore mange som har spurt han om etter arrestasjonen. I klassen hans er det 25 elevar, men ingen av dei har blitt arrestert för. Lärarane har vore snille med han og tatt seg godt av han i dagane etterpå.

” Dei arresterte meg like utanfor huset vårt. Dei sette handjern på meg straks og tok meg med til ein millitär-jeep-. Det var omlag 10 soldatar og dei ropte til meg at eg hadde kasta stein. Det hadde eg ikkje. Eg kom ut fra huset mitt. Eg sa det til dei mange gongar, men dei brydde seg ikkje. Ein av soldatane slo meg medan eg venta i jeepen.

Me kjörte opp til Itzhar, den jödiske busetjinga like ved. Så kjörte me til millitärleiren. Der måtte eg sitja i fleire timar, för eg blei overfört til palestinske myndigheiter i Nablus. Dei spurte også om kvifor eg vart arrestert – mange gongar. Men eg har ikkje gjort noko galt. Dei ringte til foreldra mine og dei fekk koma å henta meg. Eg kom heim fem timar etter eg blei tatt med soldatane”.

Korleis kjenner du deg no? Var du redd? Har du fått sove ordentleg? Eg og dei andre ledsagarane stiller fleire spörsmål, men Yassid svarar tålmodig vidare. Han fortel at kvardagen er ok no, han söv betre og har berre hatt litt mareritt. Men han var frykteleg redd og det verste var at han var aleine og visste ikkje kva som kom til å skje med han. Sidan han er blitt arrestert er han no kome inn i eit strafferegister, sjölv om han ikkje vart tiltalt for noko. Familien hans er redd for at det vil föra til vanskar for han vidare. Det er så mange löyver ein treng når ein er palestinar. Dei trur at nokon av dei kan bli inndratt eller at han kan hamne på ei av svartelistene.

Far og storebror er glade for at Yassid fekk koma heim igjen etter fem timar og at han ikkje hamna i fengsel.

Far og storebror er glade for at Yassid fekk koma heim igjen etter fem timar og at han ikkje hamna i fengsel.

Far til Yassir held godt rundt guten sin. Han er så glad han er heime att. Det har aldri för skjedd at nokon i familien har blitt arrestert. Yassir er mest interessert i å koma seg ut og spela fotball med vennene sine.

För me går så spör eg Yassir om kva han dröymer om. Om kva planar han har. Yassir veit ikkje heilt. Men ein ting er sikkert. Han vil ikkje bli i Urif.

” Eg vil reise til ein annan stad der ikkje hären og busetjarar trakkaserer og plagar innbyggarane. Eg vil reise til ein annan by, ein annan stad. Kanskje til eit anna land…”

“Me skal i allefall skrive om deg, slik at folk i mange andre land, kan höyra om historia di,” seier eg til Yassir. Han smilar litt forsiktig medan me går utanfor for å ta bilete.

Utanfor ventar naboungane som har samla saman alle lydbombene og tåregassbombene som hären brukte den dagen Yassid vart tatt med av hären.

Den dagen Yassid vart tatt med av hären, avfyrte soldatane mengder av tåregass og lydbomber, Resultatet ser du her .

Den dagen Yassid vart tatt med av hären, avfyrte soldatane mengder av tåregass og lydbomber, Resultatet ser du her .

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s