Er du oppdatert?

Er du oppdatert på konflikten mellom Israel og Palestina? Her er nokre fakta som kan forklara litt om kvifor det framleis ikkje er fred og kvifor me framleis ikkje har ei tostats-löysing.

På reisa mi gjennom Vestbredden möter eg palestinarar som snakkar om tida för og etter Oslo. Dei snakkar om Oslo-avtalen, som skulle legga grunnlaget for ein endeleg fredsavtale. Avtalen mellom PLO og Israel  vart underskrive i 1994 og gjekk ut på at ein palestinsk stat skulle opprettast i löpet av ein femårs-periode. I mellomtida skulle det opprettast palestinsk sjölvstyremyndigheiter. For palestinarane förte avtalen til at Vestbredden vart delt i tre ulike område: A, B og C. Dei palestinske sjölvstyremyndigheitene kontrollerer område A som utgjer 17 % av Vestbredden. I B-områdene (24%) har palestinsk sjölvstyremyndigheiter sivil kontroll, medan Israel har millitär kontroll.  I område C (59 %) har Israel full kontroll.

Tida gjekk. Avtalen om fred og ein tostats-löysning  gjekk i motsatt retning. Palestinarane var skuffa over at staten dei var lova i Oslo-avtalen aldri vart oppretta. I 2001 braut den 2. intifada ut, med ei rekke palestinske sjölvmordsangrep i Israel. Den israelske hären  stramma  dermed grepet om Vestbredden og Gaza. Dei starta å byggja seperasjonsmuren i 2002, samtidig som palestinarane måtte gjennom stadig fleire kontrollpostar og vegssperringar.

Seperasjonsmuren strekker seg langt inn på Vestbredden og gjer delar av landet utilgjengeleg for palestinarar. Seperasjonsmuren, som Israel meiner er ein sikkerheitsmur, er blitt fordömt av FN og er i strid med internasjonal lov – vedteke av den internasjonale domstolen i Haag.   Det er lett å tru at seperasjonsmuren skil Vestbredden frå Israel, men den går også langt inne på Vestbredden, og skapar daglege vanskar for ei rekke palestinarar som ikkje lengre kan gå på jobb, gå på skule, til lege, til jordene deira  for å dyrka, til oliventrea  for å hausta oliven.

Bethlehem_Wall_Graffiti_1

Israel fortsette med utbygginga av jödiske busetjingar på Vestbredden og i Öst-Jerusalem.  Dei som bur i busetjingar er ikkje ei einsarta gruppe. Svärt mange vel å flytta t.d. til områda i Öst-Jerusalem og andre stadar, fordi staten Israel tilbyr ökonomiske goder, t.d. skattelette og billige hus.  Andre busetjarar er djupt religöse menneske som meiner at jödane er Guds utvalde folk, og difor har rett til å bu i heile det bibelske Jerusalem.  Dei mest ekstreme jödiske busetjarane trakkaserer og er valdelege mot palestinsk sivilbefolkning.

Busetjingane er ulovleg i höve til internasjonal lov, fordi dei er bygd på palestinsk land, og fordi ei okkupasjonsmakt ikkje har lov å flytta sin eigen sivilbefolkning til områda dei okkuperer.  Bygginga av busetjingar forblir eit av störste hindera for fredsforhandlingar  mellom Israel og Palestinarar.

För 2006 hadde PLO-partiet Fatah makta. I januar 06 vant derimot Hamas valet i dei palestinske sjölvstyreområda. Sidan Hamas er både på EU og USA si liste over terroristorganisasjonar, vart dei ikkje annerkjent av store deler av verdssamfunnet. Hamas og Fatah har prövd på ha ei samlingsgjering felles for palestinarane, men denne braut saman. Indre stridigheiter og stadige kampar endte med at Hamas overtok kontrollen i Gaza, medan Fatah har makta på Vestbredden.  Fatah og president Mahmoud Abbas har deriomot lite stötte blant mange palestinarar. Palestinarar er fortvila over at ingenting skjer på Vestbredden, at  forholda under okkupasjonen tvertimot blir verre og verre. Difor velgjer fleire og fleire å stötta Hamas, for palestinarane ser at iallefall på Gaza der Hamas har makta, har Israel trekt ut sine millitäre styrker  (2005)  – og dei jödiske busetjingane der er flytta vekk.  Israel  har derimot bygd ein mur rundt området og har kontrollen over inn- og utfart både av menneske og varer.

Hamas og andre millitante grupperingar i Gaza har avfyrt rakettar mot det sörlege Israel gjentatte gongar over år. Rakettane har ikkje fört til store tap av menneskeliv, men utgjer ein vedvarande trussel mot delar av den israelske befolkninga.

Fleire gongar har Israel og Gaza blitt einige om ei våpenkvile, men gjentatte gongar har slike avtalar blitt brotne. 27. desember 2008 starta Israel eit omfattande luft- og bakkeangrep mot Gaza. 1400 palestinarar og 13 israelske soldatar blei drept. Gaza-krigen förte til hard kritikk av Israel, for ein voldsam og uproposjonal reaksjon. Krigen varte i 25 dagar og Gaza vart lagt i ruinar.

På trass av sterke löfter frå USA og presiden Obama for å få i gong ein fredsprosess,  har Israel med statsminister Benjamin Neanyahu  i leiinga köyrd ei hard linje mot palestinarar, med fortsatt okkupasjon av Vestbredden og bygging av stadig fleire busetjingar og utpostar.

Dei palestinske sjölvmydigheitene har innleia eit omfattande stasbyggingsprosjekt.  Arbeidet med å  få nödvendige instutisjonar kome såpass langt at ein har vald å söka FN sitt sikringsråd om observasjonsstatus i FN. Den 29. november 2012 vedtok FN  at Palestina fekk observasjonsstatur i FN. Norge var eit av  landa som stemde for, saman med eit overveldande fleirtal. Dette var t feira stort på Vestbredden og Gaza, medan Israel  var svärt ueinig med vedtaket.

Palestinarane eg möter har delte meiningar om vedtaket. For nokre gir det håp om ein to-statslöysing og slutt på okkupasjonen. For andre er det berre ord på papir, og ikkje noko reell endring i ein krevande kvardag.

 

 

Kjelder: Globalis.no

 

2 thoughts on “Er du oppdatert?

  1. Hei Anne.
    Kjekt å lesa rapportane dine frå dagleglivet til Palestinarane. Må få lov til å utrykka stor sorg for deira opplevelsar. Kan ikkje væra lett å prøva å få til å oppdra ungar i slike tilhøve.
    Ber og håpar for fred mellom Palestinarar og Israel.
    Ein liten fotnote må eg få komme med. Om ein ynskjer brobygging, fred og oppdatering, så må ein få innsikt i begge sidene av ein konflikt. Derfor er eg spent på om du vil legga ut på ein liten runde og snakka med påstått valdelege nybyggjarar, israelske innbyggjara og kanskje til og med snakka med ein israelsk soldat, om deira oppfattning og utfordringar i dette.
    Vanskeleg for å forestilla meg at eit heilt land og folk er så gjennomført onde som ein kan oppfatte dei som, gjennom å lese i media og blogger.
    Hadde og vore opplysande å få vita kvifor Oslo avtalen ikkje vart oppfylt i løpet av den 5 års perioden.

    Med ynskje om alt godt og ei trygg reise.
    Mvh
    John Robert Grønås

    • Hei John Robert!

      Takk for hyggeleg og konstruktiv tilbakemelding. Eg skal pröva å svara på det som du spör om:

      For det förste: Me har allerede snakka med fleire israelarar som jobbar for fred, medan me var i Jerusalem. Representanta frå Women in black, Fra Machsom Watch og frå Breaking the Silence + me hadde omvisning i områda i Öst Jerusalem av ei israelsk dame. I januar skal me tilbringe ei veke i Israel, for å snakke med diverse israelarar, busetjarar og folk som lev i områda der det er rakettangrep frå Gaza. Denne veka er satt av for å få innsikt i den vanlege israelar sitt syn.

      Eg ser fram til denne veka, fordi eg er heilt einig at ein må få innsikt i alle sider av ein konflikt. Programmet eg jobbar med er nöytrale, dvs. ikkje pro-israel eller pro-palestina. Me er ikkje nöytrale når det gjeld brot på menneskerettigheiter. Ledsagarane jobbar på sju plasseringar på Vestbredden, der ein anser det som nödvendig å vera tilstades med beskyttande närvär. Valdelege busetjarar er dessverre ein av grunnane til at me er til stades. Desse busetjarane er berre ei lita gruppe av den israelske befolkinga, og er absolutt ikkje representativ for eit heilt israelsk folk. Desse busetjarane er ekstreme, på same måte som det finnest ekstreme palestinarar. Det som me opplever som absurd, er at me ser at desse busetjarane i stor grad får lov til å ture fram – utan at den israelske hären eller politi grip inn noko särleg. Tvert i mot har me sett athe si hären og busetjarane er saman om å gå inn i landsbyar (dette såg me seinast i byen Urif for to dagar sidan).

      Litt fakta:

      • Jödiske busetjarar står bak öydeleggingar på nesten 1500 oliventre gjennom dette årets innhausting, og at så langt dette året har 141 palestinarar på Vestbredden blir skada av angrep av jödiske busetjarar. Samanlikna har 43 busetjarar blitt skada i angrep som palestinarane står bak. ( UN OCHA Weekly Report on the Protection of Civilians: http://www.ochaopt.org/reports.aspx?id=104)
      • Av alle saker som som dei fylgde opp vedr klager mot Israelske busetjarar, förte berre 9 % av politietterforskinga til tiltale. (Yesh Din (Israeli NGO “There is a limit”): http://www.yesh-din.org/infoitem.asp?infocatid=190)

      Som du ser; Eg kunne skrive om dette og mykje meir, fordi me kvar dag ser eit folk som lev under svärt vanskelege forhold.

      Igjen: Takk for at du les bloggen min og kom gjerne med spörsmål eller kommentarar!
      Alt godt!
      Anne

      PS: Kvifor Oslo-avtalen ikkje vart vellukka er eit ganske komplisert spörsmål som eg ikkje kan svara så fort på. Det er også rimeleg mange motstridande meiningar om dette…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s