Yanoun barneskule

Yanoun er ein liten landsby og har ein liten fådelt skule. Åtte elevar går her frå dei er 6 til 12 år. Skulen ligg rett ved sida av det internasjonale huset, og kvar morgon möter me elevane når me går morgonturen vår klokka ti på sju. Inne i skulen er det to klasserom, eit allrom og eit rom for dei tilsette. Både elevar og lärarar er glad for besök, og viser villig vekk skulen og fasilitetane dei har.

Då skulen er slutt i dag, höyrer eg tisking og kviskring utanfor inngongsdöra mi som berre ligg meter unna skulen. Utanfor står elevane som eg har snakka med tidlegare. På ei herleg blanding av arabisk, teiknspråk, kroppspråk og engelsk, og ikkje minst gjennom teikningar, får me oss ein god prat og ein god latter.

Siste bildet i galleriet under viser teikninga frå Rzan som har teikna seg sjölv og meg. Ho har skrive namnet mitt frå högre til venstre – slik ein gjer på arabisk. För ho spring ned til skulebussen kyssar ho meg på kinnet og ropar: I love you!

Ungane her er nokre skikkelige skjönningar, akkurat som elevane mine heime i Norge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s