I solidaritet med kristne palestinarar

Kvar söndag er ledsagarane i teamet mitt på gudsteneste eller messe i ei av dei kristne kyrkjene i Nablus. Dette er for å vise solidaritet og gi stötte til ei gruppe menneske som det vert färre og färre av.

St Justin, latin church

På Vestbredden reknar ein med at 1,5 prosent av befolkninga er kristne. I 1967 var det rundt 3500 kristne i Nablus, i dag er det rundt 600. Desse fordeler seg i ulike kyrkjer, gresk ortodokse, latinske (romersk katolske), angelikanske osb.

I St Justin, Latin Church er det nattverd. Nonner, ledsagarar og kristne palestinarar tar i mot bröd og vin.

I St Justin, Latin Church er det nattverd. Nonner, ledsagarar og kristne palestinarar tar i mot bröd og vin.

Det er ulike meiningar om kvifor den kristne befolkninga stadig vert färre. Mange av dei kristne palestinarane er högt utdanna mennesker som skaffar seg liv andre stadar enn på Vestbredden, fordi dei ikkje orkar å leve under okkupasjon. Den ökonomiske, politiske, sosiale og humanitäre situasjonen på Vestbredden er svärt vanskeleg. Td. er over 30 % av dei kristne vaksne innbyggarane i Jerusalem arbeidsledige.

Nokre meinar at konflikt mellom dei kristne og muslimar, er grunnen til at kristne römmer frå Vestbredden. Det er ikkje kva eg har fått höyra av dei kristne palestinarane som eg har snakka med. Tvert i mot fortel både kristne og muslimar om gjensidig respekt og felles historie.

Ein ung bonde som bur i Burin saman med kona si og tre barn er muslim. Han fortel han har mange kristne vener. ”Eg lagar små figurar til dei til å ha i ei julekrybbe. Dei kristne er gode menneske. Eg lev saman med dei i fred”.

I Jacob’s well, orthodox Church kan du også kjöpe små suvernirer. Det var den fyrste kyrkja eg besökte i Nablus. Nede i eit lite rom fann me ein prest som laga små suvernirer for sal. I same rommet står brönnen som er den same brönnen som Jesus mötte kvinna ved.

Presten i Jacob's well Orthodox church lagar små suvernirar som ein kan kjöpa.

Presten i Jacob’s well Orthodox church lagar små suvernirar som ein kan kjöpa.

Små suvernirar kan du kjöpe overalt, også i kyrkjene.

Små suvernirar kan du kjöpe overalt, også i kyrkjene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s