Jordan Valley Solidarity Movement

Kvar mandag reiser Yanoun-teamet mitt til Jordandalen. Her har me mellom anna godt samarbeid med Jordan Valley Solidarity Movement (JVSM), ein grasrot-organisasjon lokalisert i Al Jiftlik.

Friends Meeting House er huset til Jordan Valley Solidarity Movement. Dette er ein grasrotorganisasjon som me ledsagarar samarbeider med for å forbetre forholda til m.a beduinar som lev i Jordandalen.

Friends Meeting House er huset til Jordan Valley Solidarity Movement. Dette er ein grasrotorganisasjon som me ledsagarar samarbeider med for å forbetre forholda til m.a beduinar som lev i Jordandalen.

Friend’s Meeting House – er eit eige hus som organsiasjonen har bygd. Huset gjestar frivillige frå ulike delar av verda. Dei frivillige arbeider saman i lengre og kortare periodar. Her lagar dei mursteinar av törka gjörme som dei bruker til å byggje nye hus, eller byggje opp att hus som er rivne pga. rivningsordre fra den israelske hären. I tillegg byggjer dei m.a skular av telt for små beduinsamfunn.

Jordan Valley er for det meste område C, dvs. at Israel har full millitär kontroll. I store delar av dalen har Israel erklärt område som enten millitäre område, landområde for busetjarar eller naturreservat. Dette betyr at det ikkje er lovleg å bygge nye skular, vegar og helseklinikkar for dei små palestinske samfunna (ofte beduinlandsbyar). Dette til trass for at Israel som okkupasjonsmakt er forplikta til å gi innbyggarene her det dei har krav på (i höve til internasjonal lov). I tillegg blir mange beduinsamfunn tvangflytta og husa deira vert rivne.

Forholda for beduinane som bur i området er så dårlege , at JVSM likevel byggjer og hjelper. Frivillige kjem fra mange ulike land. Dei jobbar nokre dagar, nokre veker eller månadar – og så drar dei heim att. Meininga er å vise solidaritet og gi stötte til små, sårbare landsbyar og samfunn, som elles meir eller mindre er overlatt til seg sjölve.

Du kan lesa meir om Jordan Valley Solidarity Movement her:

Du kan lesa om Jordan Valley og områda rundt Dödehavet her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s