Rett til liv og fridom

Grunnleggande menneskerettigheiter er at alle har rett til liv, fridom og personleg sikkerheit. At alle har rett til å bevege seg fritt og til fritt å velge opphaldsstad innan ein stat sine grenser. At ingen vilkårleg må fratas sin eigedom, ingen må utsetjast for vilkårleg arrest, fengsling eller landsforvising.

Förste månad på Vestbredden er over og eg möter palestinarar som lev under konstant okkupasjon og millitär overvaking. Her er ei kort oppsummering over noko av det teamet mitt i Yanoun har jobba med den förste tida:

Retten til å ha ein heim å bu i

Kvinnene i familien er slitne og fortvila. Före dei ligg ei mengde med arbeid.

Kvinnene i familien er slitne og fortvila. Före dei ligg ei mengde med arbeid.

House demolitions – eller rivning av eigedomar, er vanleg i område C. Forrige tysdag var det house demolitions i Tawael. Då temaet mitt ankom hadde hären allereie forlate området. Delar av huset var riven. Badet og soverommet. Ein annan familie hadde fått fått fjöset til dyra sine rive. Ute starta det å regna. Her stod senger, madrasser, sengetöy og kommodar – samt ein saueflokk og to sönderknuste familiar.

Badet og soverommet til denne familien er fullstendig knust og öydelagt av gravemaskinar.

Badet og soverommet til denne familien er fullstendig knust og öydelagt av gravemaskinar.

Me ringte til ICRC, til OCHA og til JLAC for å rapportere om hendinga og vart i området i fleire timar for å hjelpe til med å få opp dei förste telta til menneska og til dyra som ICRC kom med.

Rettar når du vert arrestert og er mindreårig

Å ha hive stein, er den vanlegaste grunnen til at barn og ungdommar på Vestbredden vert anholdt eller arrestert av den israelske hären. Om du verkeleg har hive stein, eller om du vert skulda for det, om det kan bevisast eller ikkje, det er mindre viktig. Som mindreårig i Palestina kan du når som helst bli tatt med av hären, utan at foreldre eller andre vaksne får bli med deg.

I löpet av tida her har me allereie prata med felire unge gutar som har vorte arrestert eller halden igjen av hären.

I löpet av tida her har me allereie prata med felire unge gutar som har vorte arrestert eller halden igjen av hären.

I löpet av vår förste månad her nede har me allereie snakka med fleire mindreåringe som i löpet av same periode har vorte arrestert eller anholdt. Dei fleste får kome heim etter nokre timar, andre igjen blir verande i arresten over natta eller fleire dögn. Nokre av dei er framleis arrestert.

Retten til nödvengdig helsehjelp
Kva gjer du når sönnen din er alvorleg sjuk, men vert arrestert midt på natta og ikkje får lov til å ta med seg sin livsnödvendige medisin? Teamet vårt besöker ein familie i Qaryut der sönnen manglar medisinen sin i fengselet, der han har vore den siste veka sidan han vart arrestert.
Me hjelper familien med å få ein advokat til sönnen, og kontaktar samtidig Internasjonal Röde Kors (ICRC), for å få nödvendig kontakt inn i fengselet. Familien får beskjed om å möta i Nablus neste dag og ta med seg alle nödvendig dokumentasjon på sönnen sin sjukdom. Internasjonal Röde kors (ICRC) vil hjelpa dei vidare.


Retten til udanning og arbeid

Mange palestinarar har högare utdanning, men på Vestbredden kjempar tusenvis av studentar om berre nokre få ledige jobbar. I Nablus har me besökt universitetet som gir utdanning til imponerande 25 000 studentar. Ungdommane her har usikre arbeidsutsikter. Tusenvis söker på jobbar, som berre få prosent får.

Universitetet i Nablus er imponerande stort og gir utdanning til 25 000 ungdommar.

Universitetet i Nablus er imponerande stort og gir utdanning til 25 000 ungdommar.

Arbeidslöysa er stor og dette gjer at fleire og fleire palestinarar er avhengig av å dyrke jorda. Men angrep frå israelske busettarar og konfiskering av land, gjer at det vert stadig mindre å leve for. Nokre vel å bli heime for å hjelpe foreldra til å stå i mot busettjarangrep. Dei er lojale mot foreldra og staden dei bur på. Jorda er livlinja. Utdanning er håpet. Det er ikkje lett å velje.

Forhåpentlegvis vil mange av desse unge gutane ta högare utdanning. Spörsmålet er berre om det er ledige jobbar til dei når dei er ferdige.

Forhåpentlegvis vil mange av desse unge gutane ta högare utdanning. Spörsmålet er berre om det er ledige jobbar til dei når dei er ferdige.

Rett til vatn
Israel erklärte etter seksdagarskrigen i 1967 at vassressursane i dei okkuperte områda på Vestbredden var israelsk statseigedom. På 90-talet fekk dei palestinske myndigheitenen det formelle ansvaret, men Israel kontrollerer framleis uttak av vatn. Dette til trass for internasjonal lov som forbyr ei okkupasjonsmakt å utnytte ressursane i det okkuperte territoriet.

Vassmangelen i beduinleirane i Jordandalen er på eit minimumsnivå i fölge FN.

Vassmangelen i beduinleirane i Jordandalen er på eit minimumsnivå i fölge FN.

I Jordandalen möter me menneska som lev i beduinleiren i Hammat Al Maleh. Beduinlandsbyane i desse områda har så lite vatn at deira forbruk ligg på same nivå som FN sin standard for minimum mengde vatn – som er nödvendig for å overleve i humanitäre katastrofeområder. 9400 israelske busetjarar bukar 45 millionar m3 vatn. Dette er 1/3 av mengda vatn som er tilgjengeleg for palestinarar over heile vestbredden (2,5 millionar menneske).

Dei israelske busetjingane berre nokre kilometer unna har derimot nok vatn. Her er det frodig og flott.

Dei israelske busetjingane berre nokre kilometer unna har derimot nok vatn. Her er det frodig og flott.

Retten til å demonstrere

Mellom 300 og 400 palestinarar i Qaryut demonstrerte forrige fredag mot ei ny vegsperring. Denne blokkerer no vegen som bind saman Qaryut og Road 60. Denne vegen er hovudvegen mellom Nablus i nord og Jerusalem i sör. Den er no stengt av hären, men har vore open i 8 år. Dette tyder at palestinarane i Qaryut får ein stor omveg, for å kome seg inn på hovudfartsåra.

Demonstrasjonen var fredeleg og ein protest mot ein stengt veg.

Demonstrasjonen var fredeleg og ein protest mot ein stengt veg.

Demonstrantane samla seg for å gå mot vegsperringa, men vart hindra av den israelske hären som skaut tåregass, lydbomber og gummikuler mot dei. Rundt 50 mennesker fekk större eller mindre skader, to av dei måtte på sjukehus, dette i fölgje vår lokale kontakt, Bashar Al Qaryuti. Ingen av teamet mitt vart skada då me observerte demonstrasjonen.

I Yanoun kor eg bur har me ein tilsvarande situasjon. Berre israelske busetjarar som bur nokre hundre meter unna oss får bruke den 12 km lange vegen til Nablus. Palestinarane i Yanoun må ta ein omvei på tre mil. Men her er det ingen av dei 30 vaksne som demonstrerer. Her har dei nok med å overleve.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s