Morgonstund med Wafa

Grytidleg, mandag morgon. I dag går eg morgonturen vår aleine. Tre kvarter frå övste del av landsbyen, ned til nedre Yanoun, og så opp igjen. Det er så vakkert her. Vinter betyr gröne olivenlundar og i dag ei sol som varmar så vidt over åstoppane. Rett för eg er heime igjen möter eg Wafa. Ho er mor til fem barn og er naboen min. I den vesle hagen hennar finn du sitrontre, kinesiske appelsiner, urter av alle slag, poteter, neper – det meste.

I hagen til Wafa finn du ei mengde med sitrusfrukter, grönnsaker og urter.

I hagen til Wafa finn du ei mengde med sitrusfrukter, grönnsaker og urter.

Wafa grev i jorda, men stoppar meg og gir meg ei handfull små sitrusfrukter som du et med skalet på. “Bli med og få litt bröd” foreslår ho. Me går ned til fjöset der sauene hennar er. “I dag tidleg döydde eit lam som var for tidleg född. I forrige veke også. Me har for lite mat til sauene. Foret som me kjöper i Aqraba er så dyrt. Og me har ingen stadar her som sauene har nok gras.” Wafa sukkar litt. Store deler av eigedomen til Wafa og mannen hennar er konfiskert av israelske myndigheiter. Dei har berre nokre få jordstykke igjen kor dei dyrker kveite. Sauene kan ikkje beite her. Heller ikkje i den vesle olivenlunden deira.

Det gamle förarhuset til ein lastebil fungerer som brödomn for Wafa og familien hennar.

Det gamle förarhuset til ein lastebil fungerer som brödomn for Wafa og familien hennar.

Eigedomen til Wafa er sjarmerande, men ikkje estetisk vakker. Her utnyttar dei alt. Brödet bakar ho inne i förarhuset til ein gammal, nedrusta lastebil.

Nede i bakken ligg bröda, göymt under ei steinhelle. Og ei omnsbakt potet.

Nede i bakken ligg bröda, göymt under ei steinhelle. Og ei omnsbakt potet.

Nede i bakken ligg bröda, saman med poter og litt geitost.
“Want to eat?” Wafa peiker og gir meg ferskt bröd, ost og glovarm potet med salt. Frukosten smakar deilig og me ler litt av ungane hennar som tumlar omkring, hjelper til, leiker og ler. Ingen skule i dag? spör eg. “No no! Teacher no money,” svarar Wafa rister på hovudet.

Ferskt bröd smakar utrulig godt med olivenolje, varm ost og ovnsbakt potet med salt.

Ferskt bröd smakar utrulig godt med olivenolje, varm ost og ovnsbakt potet med salt.

Eg blir med Wafa inn i kjellaren i det vesle huset hennar. Her lagar Wafa ost, kvar dag – året rundt. Kattane sit rundt oss og mjauer etter mat, flogene surrar og i kaninburet er det så vidt at kaninene er vakne. Det er eit yrande dyreliv her inne. Höner, gjess, kaniner, ein grön undulat… Wafa lagar ost, pakkar dei inn i nyvaska töyfiller, presser ut vatn, og fortset ein ny runde. Til slutt er 20 små runde ostar klare til å leggast i press.

Wafa lagar ost kvar dag, året rundt. Iskaldt vatn og mykje salt slit på hendene til eit ekte gardskone.

Wafa lagar ost kvar dag, året rundt. Iskaldt vatn og mykje salt slit på hendene til eit ekte gardskone.

Kaffien er klar. Eg som aldri har drukke kaffi för, drikk kaffi kvar dag her nede. Det går ikkje ann å seie nei, gjestfriheiten er så stor. Store mengder sukker hjelper, men neimen om eg trur det blir ein vane. Me pratar litt vidare. Deler små og store historiar om liva våre, barna og familie. Wafa vil ikkje bli tatt bilde av, som mange andre palestinske kvinner. Ru arbeidshender er såre av det kalde vatnet og saltet som ho bruker for å laga ost. Og eg kjenner meg audmjuk og takknemleg. Takknemleg for å få dele morgonen med Wafa. I eit framandt land, langt heimefrå, men kor gjestfriheten og hjartevarmen er så intens tilstades.

2 thoughts on “Morgonstund med Wafa

  1. Kjære Anne! For ein fin morgontur du hadde!Og for ei snill kone du møtte.Spiste du kumquat? Verdens beste sharonfrukt får du og på denne tida. Eg vil ønskje deg og dine ei fantastisk fin julehelg. Trur Åslaug sa de skulle vere i Betlehem juleafta. Me var på Betlehemsmarkene juleafta 1999, Toralf hadde lenge hatt ein draum om det. De skal vel kanskje i Fødselskjerka/Katharinakjerka. Ha det veldig godt. Julehelsing med Jes. 9.6-7:
    “For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast:Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. Så skal herredømet verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans.Han skal grunnfesta det og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid.” God klem frå Rachel.

    • Kjære du! Me går sikkert i Lutheran Christmas church og gleder meg veldig til det. Gutane kom til landet i går og eg møter dei her i Jerusalem i morgon. Blir flott å sjå dei🙂

      Ønsker deg og dine ei fantastisk fin julehelg også!
      Alt godt!
      Anne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s