Eit modig byrådsmedlem i Jerusalem

20121219-210528.jpg

Eg er på placement visit i Jerusalem. Det betyr at eg bur og arbeider saman med Ledsagarteamet i Jerusalem og følgjer dei i deira arbeidsoppgåver. I dag har me møtt Dr. Meir Margalit, eit jødisk medlem i byrådet i Jerusalem, og som har det formelle ansvaret for ulike politiske beslutningar i Øst Jerusalem (Al-Quds). Kontoret hans i Safra Square er lite og uformellt. Kunst på veggene, ein keramikkskulptur og eit tonn med dokument. Margalit henter ekstra stolar og vatn og ønskjer oss velkommen.

Margalit har jobba i fleire tiår i mot rivning av palestinske heimar, spesielt i Øst Jerusalem (den palestineske delen av Jerusalem), både som byrådsmedlem, men også som aktiv medlem i ICAHD. Han arbeider for at palestinarar skal få lov til å både få planlegge og å bygge hus i Øst Jerusalem, noko som no er svært vanskeleg.

Margalit fortel vidare at 37, 5 % av befokninga i Jerusalem er palestinarar. Han meiner desse blir tydeleg og systematisk diskriminert, gjennom eit innfløkt regelverk som ikkje kjem palestinarane til gode. I tillegg går berre 11 % av byens budsjett den palestinske befolkninga. Det palestinske folketalet er aukande, og Margalit meiner at palestinarane etterkvart kan bli i fleirtal i byen, og i såfall også få fleirtal i byrådet. Dette meinar han at Israel ikkje ønsker, og at dette er noko av grunnen til at dei gjer det svært vanskeleg for den palestinske befolkninga i å busetje seg i byen.

Margalit fortel oss at byrådet i Jerusalem, beskytta av Israelske myndigheiter sin politikk, har i ei årrekkje ønska å auka den jødiske befolkninga i øst. Dette gjer dei mellom anna med å bygge nye busetjingar for jødane, og å gjennom å redusere dei legitime rettigheitene palestinarar har for å kunne bygge egne heimar. Margalit fortel at svært mange palestinarar ikkje har andre val enn å bygge heimane sine ulovleg, og difor er tusenvis av heimar under konstant trussel for å bli rivne.

Også jødiske busetjarar bygger ulovleg, men du har til gode at desse blir rivne, sjølv om dei nokre gongar står på rivningslistene. I tillegg fortel Margalit oss at mange palestinarar, som har fått riviningsordre, vert tvinga til å rive husa sine sjølv. Dette fordi dei får to val: Enten riv du sjølv, eller så riv styresmaktene huset ditt, og du får i tillegg ei bot som er så stor at det ikkje berre vil få økonomiske følgjer for deg, men også for dine barn som må overta gjelda.

“Eg spør meg sjølv kvifor eg held på med dette i tiår etter tiår. Men nokon må gjere jobben. Nokon må tale palestinarane i byen vår si sak. Det har sin pris, men eg kan ikkje gi meg. Mine palestinske venner treng meg.”

Før eg går kjøper eg boka: No place like home. House demolitions in East Jerusalem, skrive av Meir Margalit.

One thought on “Eit modig byrådsmedlem i Jerusalem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s