Ut på oppdrag kl 04.10

Ein av dei største utfordringar for palestinarar i området rundt Jerusalem er rett og slett å få koma inn i byen. Dette er spesielt kritisk for dei som ikkje har eit blått israelsk identitietskort. Blått ID-kort tyder at du har oppholdstillatelse i Jerusalem. Har du eit grønt eller orange IF-kort, betyr det at du er fra Vestbredden. Desse palestinarane kan berre reise inn til Jerusalem dersom dei har tillatelse (t.d. for å arbeide, gå på skule eller få medisinsk hjelp).

Eg er og besøker Øst Jerusalem-teamet, og Kari og eg skal ut på opppdrag. Ringeklokka mi vekker meg kl 03.45. Me kler på oss dei varmaste kleda me har her, og blir plukka opp av taxien som køyrer oss til Qalandiya kontrollpost, denne kontrollposten som vert brukt av folk som kjem frå Ramallah-området. I taxien utstyrer Kari meg med tre små telleapparat, for menn, kvinner og for barn.

20121221-155253.jpg

Det er framleis mørkt på Qalandiya. Klokka er blitt ti på halv fem og dei første arbeidararne er allerede igjennom. Dei vil ikkje risikere å kome for seint på jobb. Ventetida her kan vera opp til tre timar. Som oftast går det fortare enn det.

Kari går inn i terminalen der alle arbeidarane ventar. Eg står aleine igjen ved utgongen på Jerusalem sida, og skal telja dei som kjem ut. Det er ikkje så vanskeleg og eg kjem fort inn i rytmen. Halvtime etter halv time noterer eg ned kor mange som kjem i gjennom.

“Good morning, how are you?” Sjeldan har eg blitt møtt med så mange smil og god morgon- helsingar som denne morgonen. Eg smiler tilbake og helsar så godt eg kan, medan eg tenker at dette er ein del av livet til så mange menneske – kvar einaste dag. Utan unntak. Eg står og hutrar og prøver å halda varmen. Vinden virvlar opp støv som set seg i augene, og etter kvart byrjar det å regna.

Etter kvart forstår eg at det til trass for alle dei venlege helsingane, ikkje er noko god morgon for menneska som skal gjennom Qalandiya. Køane står. Palestinarane byrjar å bli utålmodige. Kari som står på andre sida ser at køen er uvanleg lang, soldatane tar seg god tid, portane blir ikkje opna… Ho ringer fleire gongar til Humanitarian Hotline, utan å vite om det hjelper. To kvinner frå Machsom Watch er også saman med henne og tar sine telefonar for å prøve å få fortgang.

Dei fleste som kjem ut på mi side, spring fort vidare til bussane som tar dei inn til byen. Men 30-40 menn samlar seg under taket ved den eine porten. Dei gjer seg klare til bøn. Med eit ligg alle på kne berre nokre meter unna meg. Bøneropet stig mot himmelen, og det er mektig å sjå korleis dei praktiserer trua si, rett på den støvete bakken – i den iskalde vinden.

Endeleg er Kari tilbake. Klokka er blitt halv sju og det er min tur til å gå gjennom kontrollposten for å sjå korleis det er på den andre sida. Trange, tunge jernportar og bevepna soldatar. I ventehallen er det framleis lange køar, fordelt i ulike båsar.

Ledsagarane rapporterer til FN i høve til kor lang tid det tar i køen frå du kjem og til du slepp igjennom – og kor mange som går igjennom kvar morgon. Men det viktigaste er beskyttande nærver. Mange seier at det hjelper at internasjonale står og observerer. Det går fortare då. Eg snakkar litt med dei to israelske kvinnene frå Machsom Watch. Mange av disse er bestemødre, som sjølv seier at dei held barnebarna sine som er soldatar i øyrene. Ikkje veit eg. I dag høyrer ikkje soldatane verken på eldre damer, eller oss ledsagarar som står der.

20121221-154540.jpg

Eg stiller meg i Humanitarian Gate, der berre kvinner, barn, sjuke og eldre får lov til å gå. Her står køen også, og sjølv om det lyser grønt er porten stengt. Eg kjenner kor utålmodig eg er, men til slutt er det min tur. Eg legg frå meg tinga mine på rullebandet og leverer passet i luka. Endeleg er eg gjennom.

Oppdraget vårt er over og me set oss inn bussen som tar oss tilbake til huset. Ein varm kopp te, og nokre timars søvn skal bli godt. Eg er av dei heldige. For dei som skal på jobb denne dagen, har dagen allerede vore svært lang. Det leit og vondt å sjå eit system som trenerer kvardagen til alminnelige menneske.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s