Jul i Betlehem

Me er i Betlehem for å feire jul. For byens kristne befolkning blir det ei spesiell julefeiring i år, ettersom Palestina har fått sin status oppgradert som observasjonsstat i FN, den same status som Vatikanstaten har. Samtidig er Fødselskyrkja den første palestinske staden som er blitt oppført på UNESCO si verdsarvliste.

Sjølv om muslimane i dag er i eit stort fleirtal, er heile byen prega av den store kristne høgtida. Over alt vert me møtt av smilande palestinarar som som ønskjer oss Merry Christmas! Julehøgtida skaffar ekstra pengar i kassa for kristne og muslimske palestinske forretningsmenn.

Ein rusletur i Betlehems trange smau og handlegater er ei interessant vandring. Alle butikkane brukar ord frå juleevangeliet i marknadsføringa: Ord som grotte, stall, krybbe, stjerne, hyrdar og englar vert brukt for alt det er verd, for å få oss turistar til å ta fram nokre ekstra shekel. Eg kjøper med meg ei av dei mange små julekrybbene som er skore ut av oliventre. Den skal bli eit vakkert lite minne frå tida mi her.

Det er julafta i dag. I løpet av dagen er me vitne til prosesjonen i den palestinske byen. Her er grana tent, med lyslenker og klokker. Eit uoverskueleg pilgrimstog inntar Krybbeplassen og Fødselskyrkja. Over 15000 pilgrimar og turistar vil sjå den ortodokse kyrkja for å oppsøkje staden der Jesusbarnet både vart fødd, svøpt og lagt i ei krybbe. I dag glitrar det i gull og sølv, og det luktar røykelse der Frelsaren ein gong såg dagens lys, blant sauer og esel i ein liten stall.

20121225-223459.jpg

Me vel å gå på julegusteneste i The Evangelical Lutheran Christmas Church / كنيسة الميلاد الإنجيلية اللوثرية. Kyrkja er fullt opp av menneske og gudstensta vert heldt på ulike språk. Det vert lese bøner på m.a finsk, spansk, engelsk, tysk, koreansk og norsk. Det er Kari fra Norge som les si bøn om fred og forsoning, og stemma hennar er klar og sterk.

Føre meg på benken ligg eit kvitt lite lys. Med eitt er det mørkt i kyrkja. Den internasjonale kyrkjelyden tenner dei små talglysa, medan alle syng på kvart sitt språk: Glade Jul. Stille Nacht. Silent Night. Me går med kvart vårt lys ut av kyrkja. Ute er det mørkt, men stjerneklart. Ei slik natt var det nokre fattige hyrdar fekk englebesøk og høyrde himmelsk korsang:

Fred over jorda
menneske fryd deg!
Oss er ein evig Frelsar fødd!

20121225-224102.jpg

Palestinske barn tenner lys i førdselskyrkja. Foto: Scanpix/AP

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s