Prosjekt HÅP

Education-In-Palestine-Long

Det er søndag og me er på veg til å besøkje ein av dei største grasrotorganisasjonane på Vestbredden, Project Hope. Hovudkontoret deira ligg i Nablus, byen som me besøker kvar søndag for å delta på gudstenester i solidaritet med kristne palestinarar.

” Me arbeider med 1000 barn kvar einaste månad, i flyktningleirane, i bysentra og i landsbyar rundt Nablus,” fortel Abdul Hakim Sabbah, leiaren for organisasjonen. I kontora deira møter me mellom anna nokre av dei mange frivillige internasjonale, som gir undervisning for barn og unge, i engelsk, kunst og idrett. Nabohuset fungerer som bustadhus for dei mange frivillige. Under ser du to av dei som jobbar med ulike prosjekt:

IMG_8941

Hakim fortel at organisasjonen ønskjer å vere med å fremje dialog mellom lokale og internasjonale frivillige.

“Det gir meg håp, når eg ser at internasjonale frå mange land kjem og er villige til å jobbe for å få betre forhold for barna og ungdommane i Palestina. Me har partnarar over heile verda som støttar oss både økonomisk og praktisk. I ei tid der det ser ut som at okkupasjonen berre gjer det enda vanskelegare for eit slitent folk, gir dette meg håp. Og eg skal trass alt jobba for håp. Håp om eit betre samfunn. Håp om fred og forsoning.”

Hakim tar oss med ut på terrassen og viser oss utsikten utover Nablus.

IMG_8935

Project Hope sitt mål er:

Å bidra til å skape trygge og støttande område, der barn og ungdom kan lære, trivast og vekse. Gjennom pedagogiske og kunstnariske program tar dei sikte på å styrke palestinske barn og unge, som har vakse opp under okkupasjon, og gi dei verktøya som dei treng for ei betre framtid.

IMG_8940

Her kan du lære meir om Project Hope.

2 thoughts on “Prosjekt HÅP

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s