Happy New Year

Det er 1. januar i det nye året 2013. Eg sit i vesle Yanoun og har feira mi förste nyttårsafta saman med ein av dei andre i teamet mitt, Gerrit, ein belgisk prest. Dei andre på teamet mitt har fridagar. Det har vore ei roleg feiring utan fyrverkeri og kalkun. Stille, men fint. Folka her feirar ikkje eit nytt år. For dei er 1. januar berre ein ny dag – og framtidshåpet er ikkje så stort…

Difor önskjer eg dei eit godt nytt år! Eg önskjer for dei eit år utan diskriminering, utan house demolitions (rivningar av hus, fjös og skular), utan checkpoints (kontrollpostar og stengte vegar), utan seperasjonsmuren som grip inn i kvardagane, utan tvangsflytting og arrestasjonar av mindreårige.

Eg önskjer dei får eit nytt, godt år med nok vatn, nok jord og nok inntekt. Eit år med framtidshåp, fridom og forsoning. Eit år utan okkupasjon. Eit år med fred.

Det er lov å håpa. Det er lov å önska. Godt nytt år!

… og alt godt for det nye året til deg som les bloggen min!

4 thoughts on “Happy New Year

  1. Kjære Anne. Me følgjer med på korleis du har det, og synest du gjer ein framifrå jobb. Ønsker deg eit godt nytt år og gleder oss til å treffa deg igjen.
    Helsing Helga og Ola Jan

    • Saa kjekt aa hoyre fra daake! Takk for gode ord og eit godt nytt aar til daake begge to! Gleder meg til aa treffa daake igjen. Her er det bare bra – spennande og meingsfulle dagar. Alt godt! Anne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s