Veit du kva Price Tag er?

Me er på veg til Qusra, ein landsby som ligg nord på Vestbredden. Det har vore samanstöyt mellom jödiske busetjarar og palestinske innbyggarar, som så mange gongar för. I natt drog jödiske busetjarar opp over 190 nyplanta oliventrär. Mange av desse var planta ved hjelp av Rabbis for human rights. Innbyggarane i byen prövde å stoppa dei busetjarane og det vart slagsmål. Fleire av innbyggarane vart skada i angrepet. Nokre palestinske security-vakter fekk tak i busetjarane som öydelagt oliventrea og kasta stein, men den israelske hären kom etter ei kort tid og slapp busetjarane fri (i fölgje Maan News Agency).

Dette er grunnen til at menneska i Qusra har samla seg ved sida av olivenlundane sine. Me stoppar eit stykke stykke unna, og går mot folkemengda der framme som er spredd utover jordene. På åstoppane rundt ser eg millitär-jeepar og ei mengde soldatar. Her er barn, ungdom og menn samla. Soldatane skyt tåregass mot dei mest ivrigaste av ungdommane som står fremst. Dei svarar med å ta opp tåregass-bomba og kasta den tilbake, så langt dei klarar.

Nokre av desse ungdommane vert frakta til ambulansen som står klar. Me står eit stykke unna, men eg må skjule nase og munn for ikkje å få problem med pusten. Nye ladningar med tåregass vert skutt mot oss, og ungane spring for å kome seg unna.

På vegen tilbake til bilen vår går me forbi eit av husa som ligg litt for seg sjölv. I natt hagla steinane mot vindauga og taket, medan familien göymde seg inne i huset. Traktoren vart også delvis öydelagt. Dei jödiske busetjarane har spraya graffiti på eit av husa i byen: “ A good Arab is a dead Arab (ein god araber er ein död araber)”. I tillegg har dei skrive: ”Yitzhar revenge is on the properties today, and tomorrow will be on the souls.” Dette viser at angepet mot den palestinske landsbyen er det me kallar Price tag, som desse busetjarane er kjendt for å bruka.

Me snakkar med leiaren i Qusra Counsil, kommunestyret i landsbyen. Han er opprört over busetjarane og den israelske hären: “På toppen av alt kjem hären og skyt mot oss. Kvifor tar dei ikkje dei som vandaliserer oss? Som öydelegg husa og oliventrea våre? Korleis kan me beskytte oss? Me har steinar og kjeppar, dei har våpen, tåregass, lydbomber og gummikuler. Dette er vårt land. Me har rett til å beskytte vårt eige land.”

Dersom du vil vita meir om Price Tag, kan du sjå denne BBC-dokumentaren her

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s