Under open himmel

Det er vinter i Palestina. Nettene er kalde, men dagane er förebels stort sett törre og solrike. Me er på veg til nokre små beduinsamfunn i Jordandalen. Teamet mitt har fölgt saka til beduinane som lever i Hammamat Al Maleh i nordlege delen, sidan me kom til Vestbredden for sju veker sidan. Dette samfunnet er lokalisert ved sida av ein stor millitär leir. Me veit at folka som bur her hadde ein demolition ordre den 31.des 2012, men så langt har ingen ting skjedd, og me er usikker på kva for stadie denne rivningsordren er på no. Nokre gongar kan ei slik ordre bli fryst inntil vidare, og ein kan pröve å anke ordren om riving.

Millitärövinga er over for denne gong og sauene kan returnere heim

Millitärövinga er over for denne gong og sauene kan returnere heim

Den israelske hären gjennomförte ei stor millitär trening i denne delen av Jordandalen den 2. og 3. januar 2013. Då hadde familiane temporary eviction ordre, dvs. at dei må midlertidig forlate heimane sine. Dei tok med seg barna og og dei store flokkane med husdyr, og flytta seg berre nokre hundre meter unna, andre om lag ein halv kilometer, alt etter kva dei fekk beskjed om fra soldatane.

Me blir stoppa i ein av dei mange kontrollpostane. Me kan ikkje köyra inn i området pga av millitärövinga, og höyrer lyden av bomber som blir detonert og skyting. Etter halvanna time lar dei oss få köyre gjennom. Me drar til det vesle beduinsamfunnet og möter folka der berre ein liten time etter at dei har fått kome tilbake til heimane sine. Traktorar kjem köyrande med utstyr og folk lasta opp i tilhengarane. Store saueflokkar kjem småspringande med gjetarar som husjar og ropar.

telt og kvinner

Me snakkar med ein av dei som bur her og han fortel: ”Det er nytt at me må flytta midlertidig medan dei har övingar. Dette er fjerde gongen det skjer. För 2012 skjedde det aldri. Dei hadde store millitäre övingar då også, men dei arrangerte övingane lengre unna oss. I natt var det så utrulig kaldt. Dei minste barna og babyane fekk sove i traktortilhengeren, men alle dei andre måtte stå eller sitja ute under open himmel. ”

Inne i dette teltet blir eg tatt varm i mot av to unge mödre og barna deira.

Inne i dette teltet blir eg tatt varm i mot av to unge mödre og ei mengde med barn.

Medan me besöker familiane blir eg beden med inn i teltet til ein familiane. To unge kvinner med to små babyar viser meg dei små jernvuggene som barna ligg og söv i. Den minste babyen er berre ein månad, den andre er fire månadar. Den unge mora ammar barnet sitt, medan ein to-åring står og sutrar ved sida av. Sutringa går over til småklaging, för han legg seg ned på eit pute ved sida av meg. Der sovnar han, til trass for levenet rundt med små jenter og gutar som synest det er utrulig spennande med besök. Ei av kvinnene kan litt engelsk og me kommuniserer enkelt om barna, om kva me heiter og nasjonalitet. Latteren sit laust, spesielt når eg syng med barna og lärer dei små songar med bevegelse til.

Inne i teltet ligg babyane i vugger som denne

Inne i teltet ligg babyane i vugger som denne

Ute står sola högt på himmelen og det er varmt og godt. Sauene og geitene går omkring, nokre i store inngjerdingar, andre meir eller mindre uinngjert. Barna er dyktige gjetarar som får dyra på plass dersom dei går for langt unna.

Denne vesle jenta er ein månad. I natt låg ho under open himmel pga millitärövingar i Jordandalen.

Denne vesle jenta er ein månad. I natt låg ho under open himmel pga millitärövingar i Jordandalen.

Å leve i denne uvissheten om heimane deira, telta og skura deira blir rivne eller ikkje, er svärt vanskeleg for familiane som lev her. Dei får lite informasjon om kva som skjer vidare. Me pröver å ha kontakt med advokaten til beduinsamfunnet og sjå om noko kan gjerast, og fölgjer saka vidare godt me kan. Å måtte forlate heimane pga. midlertidige millitäre övingar kan hende fleire gongar vidare. Övingane er ein del av ei större millitär operasjon som skal foregå det neste halvanna året.

SKUR OG TELT

2 thoughts on “Under open himmel

  1. Kjære fine Anne. Jeg ser deg for meg, der du prater og synger med barna. Du er jo så flink med dem! Jeg måtte en tur oppom mine egne tre og stryke litt på dem etter å ha lest mange av de siste blogginnleggene dine. Vi er veldig heldige! Utrolig spennende reise du er på. Klem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s