Kva veit du om Jordan Valley?

jordan valley

Mindre enn 30 % av Vestbredden består av området Jordan Valley og området rundt nordre del av Dødehavet. Her bur omlag 60 000 palestinarar fordelt på 29 landsbyar/samfunn og ca 15 000 beduinar bur i ei rekke små landsbyar. 9400 israelarar bur fordelt på 37 busetjingar. Alle desse israelske busetjingane er i strid mot internasjonal lov.

På trass av at det bur rundt 60 000 palestinarar i Jordandalen er 87 % av området erklært som område C, som er under full israelsk kontroll. Så godt som alt av dette er øyremerka for det israelske millitære og dei israelske busetjingane. Dette er gjort ved å erklæra landområde som statsland, overfører palestinskeigd jord/land til land som busetjarar kan bruke, beslaglegge land til millitære område som mellom anna vert brukt til store millitære øvingar og klassifisere land som naturreservat. Det er også svært mange restriksjonar vedrørande bygging og utbygging: I 75,5 % av dalen er palestinarar forhindra frå å bygga eller å utvida husa sine. Dette gjeld også nye skular, nye vegar, helseklinikkar – til trass for Israel sitt ansvar og forpliktingar dei har som okkupasjonsmakt, etter internasjonal lov.

jordan valley 4

Riving av beduinlandsbyar (hus, telt og skur til dyra) er gjort, sjølv om mange av desse samfunna har eksistert sidan før 1967, då Vestbredden vart okkupert av Israel. Fleire beduinar som lev i desse områda (3400 menneske) lev med stor fare for å bli tvangsflytta frå sine heimar. B´Tselem fortel i sine rapportar frå 2004 – 2010 om 163 rivningar av bustadar i palestinske landsbyar i Jordan-dalen, som var heimane til 1060 palestinarar, inkl. 340 barn. Norsk folkehjelp fortel om tal frå 2011 der israelske myndigheiter øydela over 200 hus i Jordandalen, som førte til at rundt 430 palestinarar vart fordrive.

klementiner

Jordandalen har god jord, vassressursar og ein del andre gunstige klimatiske forhold, som gjer området godt eigna til jordbruksområde. Dei israelske busetjingane får støtte frå det israelske landbruksdepartementet, og har i stor grad datastyrt og moderne teknologi, for å effektivisera jordbruket sitt mest mogleg. Dei 37 israelske busetjingar i Jordandalen, med eit innbyggjartal på til saman 9500, bruker i følgje tal frå FN og OCHA 45 millionar kubikkmeter vatn. Dette er 1/3 av mengda vatn som er tilgjengeleg for palestinarar over heile Vestbredden (2,5 millionar menneske). Denne mengda vatn gjer at busetjarar i Jordan-dalen kan dyrke året rundt, og eksportere varene sine ut av Jordan-dalen. Israel sin kontroll av vatn har redusert mengda tilgjengeleg vatn for palestinarar. Dette fører til at store landområde blir liggande brakke og avlingane gir mindre utbytte og fortjeneste. Berre 1/8 del av landområda som palestinarane har tilgong til vert no brukt til å dyrka frukt og grønsaker. Varene frå palestinarane kan difor ikkje konkurrere på markedet mot busetjingsprodukta frå Jordandalen. Tal frå 2011 viste at busetjingane selde jordbruksprodukt for rundt NIS 500 mill per år (ca. 760 mill norske kroner).

DSC00147

Verdensbanken har anslått at dersom palestinarane fekk tilgong til 50 000 mål, som tilsvarar 3,5 prosent av C-­områdene, og vassressursane som høyrer til, så kunne palestinarane ha utvikla ein moderne jordbruksindustri med ei inntekt på over 5,5 mrd. norske kroner per år. Dette kunne ført til ein akseptabel levestandard for eit folk, som no har svært begrensa moglegheiter.
jordan valley traktor

Utfordringane i Jordan Valley fører til at det vert færre og færre palestinarar der. Før 1967 var det mellom 200 000 og 300 000 palestinarar som budde i området. No er det 60 000 igjen.

Kjelder:
OCHA
B´Tselem
Norsk Folkehjelp.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s