Landsforædar eller samvitsfange?

I går møtte eg Vanunu Mordechai på ein liten restaurant i Jerusalem. Strengt tatt var møte ikkje lovleg, då Manunu sit i husarrest i Øst-Jerusalem og ikkje får lov til å prata med internasjonale. Men han har ei historie å fortelje, han ønskjer å bli intervjua – og han er ein modig mann.

Vanunu er ein israelsk fredsaktivist og tidlegare atomteknikar. Han er fødd i 1954 i Marrakech. I mange år jobba han ved atomanlegget Dimona i Negevørkenen. Her bestemte han seg for å ta bilete som avslørte Israel si utvikling og eigarskap av kjernefysiske masseøydeleggingsvåpen. Bileta og fakta selde han til den britiske avisa The Sunday Times. Samtidig lurte ein israelsk agent Vanunu til å dra til Italia, kor han vart kidnappa i all hemmelegheit av Mossad og ført til Israel. I Jerusalem vart Vanunu stilt for retten for forræderi og spionasje. Han vart dømd til 18 år i fengsel og mange av åra sat han i isolat.

Som barn gjekk Vanunu på ein ultraortodoks grunnskule. Han fullførte også millitærteneste i det israelske millitæret. I løpet av tenesta vart han kritisk til Israel si behandling av palestinarane. Han danna ei fredsgruppe kalla Campus saman med fire andre jødiske studentar og fem arabiske studentar. Tidleg på 1980-talet konverterte Vanunu frå jødedommen til kristendommen.

Amnesty International har uttalt at dei ser på Vanunu som ein samvitsfange. Dei krev at han vert sett fri frå husarresten umiddelbart. Vanunu er nominert til Nobels Fredspris ei rekke gonger.

Israel ser på Vanunu som ein landsforræder. Shimon Peres uttalte i samband med lauslatinga i 2004 at “Vanunu forrådde sitt land og fekk ei rettferdig straff”, jfr VG sin artikkel: http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=224118

Me pratar med Vanunu i over to timar. Historia hans er som tatt ut av ein roman – og det er skrive mange bøker om Vanunu. “Ein dag vil eg skriva mi eiga forteljing”, fortel han. “Det skal eg gjera når eg får forlata Israel.”

Vanunu ønskjer å få koma til Norge. Han har norsk kjæreste som får besøke han i Øst Jerusalem. I 2004 søkte Vanunu om politisk asyl i Norge, men denne vart avslått. Det har vore mykje debatt om avgjersla.

20130109-185146.jpg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s