Ein dag i sola!

Nokre dagar er meir varierte enn andre. Daglege rutinar som morgontur og kveldstur kan verta ekstra gode med selskap av soloppgong og nydeleg natur, dueslepp og möte med naboguten med dagens middag. Når du i tillegg får med deg ein tur til Jerico og Jordandalen, og ikkje minst ei vasskjelde som endeleg er fyllt opp etter uveret som har vore – blir dagen ekstra fin. Vestbredden er så liten at ein kan få med seg mykje i löpet av ein dag. Under kan du sjå bilete og skildringar frå gårdsdagen:

2 thoughts on “Ein dag i sola!

  1. Så annleis det ser ut enn den delen av landet eg var i. Ikkje ein einaste kamel i Jerusalem!😉
    Nei, alvorleg. Så flotte bilete! Og så kjekt at du deler dei, så me andre og får sjå. Det ser verkeleg ut som ei anna verd. Så får me håpa at det ikkje var vekkerklokke-hanen som vart middag til naboen då. (Eller er det kanskje akkurat det du håpar?)

    • Det var absolutt ikkje vekkerklokkehanen! Han gol kl 03.30 i natt også – og eg höyrer han fremdeles! Men eg er så van med han no, at han plagar ikkje meg🙂
      Ja, Jordandalen og Jericho er verkeleg vakkert! Og du skulle sett så mange kamelar (mange fleire enn eg fekk med meg på bildet). Eg hadde jo berre sett ein kamel frå för – som heiter Sandra, hehe! Men det sterkaste var den vesle guten som ba i vegkanten – medan ein stor saueflokk stod heilt i ro og venta på han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s