Al ‘Aqaba – ein lövetannslandsby

Lövetannbarn kallar me ungar heime som veks opp under urovekkande forhold, men som likevel klarar seg. Al ‘Aqaba landsbyen i Jordandalen kan kallast ein lövetannsby, for sine gjentatte kampar for å overleva. Eg var ikkje sikker på om det fantest lövetann i Palestina, men det gjer det. lövetann

Lokalisert nord i Jordandalen, i område C, möter eg borgarmesteren i det vesle samfunnet. Han heiter Hadj Sami Sadig og viser oss stolt rundt i senteret der det vesle bystyret held til og barnehagen og skulen. Det heile minnar om ein liten kardemommeby. Sterke fargar, velkommenskilt med venlege ord og helsingar og ei mengde glade barn.

Hadj Sami Sadig vart lam då han vart skoten av det israelske millitäret. Heile livet sitt etter det har han via til fredsarbeid.

Hadj Sami Sadig vart lam då han vart skoten av det israelske millitäret. Heile livet sitt etter det har han via til fredsarbeid.

Hadj var berre ein ungdom då han jobba ute på markene, men blei skoten av det israelske hären. ”Dei sa det det var ei skyteulykke i ei millitäröving og det skulle ikkje ha skjedd. Dei har bedt om unnskulding”, fortel Hadj der han sit i rullestolen sin. Eg fekk delar av livet mitt öydelagt, eg er lam og kan ikkje gå. Men ein skal ikkje svara det vonde med det vonde. Eg vil kjempa for fred”.

Ordföraren i Al 'Aquaba tar venleg i mot gjestene sine. Han er ein venleg mann med mykje på hjarta.

Ordföraren i Al ‘Aquaba tar venleg i mot gjestene sine. Han er ein venleg mann med mykje på hjarta.

Den vesle landsbyen med berre 300 innbyggarar har fått internasjonal merksemd for sine kamp for å overleva. Over 25 riviningsordre, mellom anna på barnehagen, på vegar, hus og moske, gjer at framtida er usikker. Men innbyggarane klorar seg fast. Mange internasjonale hjelper til, og både skule og barnehage er bygd av ulike organisasjonar (mellom anna CARE International) og regjeringar frå mellom anna Japan, Belgia, Danmark og Norge har bidratt.

Området består både av ein skule og ein barnehage med flott leikeplass

Området består både av ein skule og ein barnehage med flott leikeplass

”Sjå her”, peiker Hadj, når han höyrer eg er frå Norge. ”Du ser at Norge har hjulpe oss!” Han peikar mot dei mange skilta som viser dei ulike byggeprosjekta i landsbyen. Eg ser det norske flagget blant fleire av bidragsytarane og det kjennes bra. ”Vanskane våre er mange”, fortel ordföraren til oss. ”Men me gir ikkje opp. Det gir håp når mennesker over heile verda veit kven me er og vil hjelpa oss.

Barnehageungane er som ungar flest. Nysgjerrige, opne og glade. Dei har ein god barnehage. Dei vil ikkje mista den.

Barnehageungane er som ungar flest. Nysgjerrige, opne og glade. Dei har ein god barnehage. Dei vil ikkje mista den.

Amnesty International har valt ut Haj Sami som ein av 11 mottakarar til the Stand Up Award, for å heidra menneskerettigheitsforkjemparar over heile verda.

Her er ein oversikt over nokre av utfordringane til landsbyen i tillegg til rivningsordrene, basert på det EAPPI Yanoun har fulgt opp dei siste åra:

• Vatn. Innbyggarane må kjöpa vatn frå ein annan landsby og dei fortel at prisane er for höge. Pga restriksjonane i område C, får ikkje landsbyen bygge sin eigen brönn.
• Skulebarna i landsbyen (mellom 80 og 90) er påverka av at soldatane og övingane som dei gjennomförer utanfor landsbyen, men også inne i landsbyen sitt område. For mange av barna förer dette til konsentrasjonsvanskar og uro og angst.
• Hären har ein base på andre sida av vegen og soldatane har det siste året fleire gongar kome inn i landsbyen sitt område, for å ha övingar. I februar 2012 kom soldatane for å ha ei öving og dei beordra portforbud i to dagar for folka i landsbyen.

2 thoughts on “Al ‘Aqaba – ein lövetannslandsby

  1. Den saka med vatn syns eg er utruleg graverande. At folk ikkje får tilgong til vatn, til og med når det er mulighet for det, er berre hårreisande! Eg lærer så mykje av å lesa om desse møta dine, Anne. Takk for at du deler!🙂

    • Hei Janne. Lärer mykje eg også, og er heilt enig. Tilgong til vatn er eit stort problem i Jordandalen, og det er utruleg lite fokus på det! Og det er moglegheiter, men systemet trenerer og diskriminerer. Dessverre.
      Takk for at du les🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s