Amera (13) og Braa (14) bur i ei grotte halve året

Khirbet Tana er ein liten landsby öst for Yanoun i Jordandalen. Landsbyen er i område C, dvs. under Israelsk kontroll, og folka som bur her bur hovudsakleg i telt eller grotter. Landsbyen, som har rundt 200 innbyggarar, har blitt heilt og delvist blitt riven fleire gongar fram til 2011, pga. riviningsordre fra israelske myndigheiter. Den naturlege vasskjelda som samlar regnvatn, har også blitt öydelagt. No er denne bygd opp igjen. Siste gongen deler landsbyen vart riven, vart også vanntankar og traktorar fjerna, i tillegg til at dei reiv deler av grottene som har vore ein del av naturen i tusenvis av år.

Khirbet Tana har blant anna 22 familiar som bur i grotter seks månadar i året

Khirbet Tana har blant anna 22 familiar som bur i grotter seks månadar i året

Menneskene her er varme og imötekomande, til trass for all motstanden dei har opplevd. Flesteparten av dei bur i Beit Furik i löpet av sommaren og hösten, mellom anna pga. varmen. Men nokre gjetarar blir igjen for å ta seg av dyra, og vere til stades i tilfelle busetjarar eller soldatar kjem for å ta bilde av landsbyen. Det er viktig for folka i landsbyen å vise at staden ikkje er ubebudd.

Den 300 år gamle moskeen har blitt ståande

Den 300 år gamle moskeen har blitt ståande

Her ligg restane igjen fra skulen som tidlegare låg rett ved sida av mosken

Her ligg restane igjen fra skulen som tidlegare låg rett ved sida av mosken

Skulen som tidlegare låg ved sida av den 300 år gamle moskeen er blitt riven og bygd opp igjen fleire gongar. Det er no bygd opp ein skule av presenning/telt for dei minste barna 100 meter unna. Skulen vert brukt ca halve året, resten av året går dei saman med dei store ungane i byen Beit Furik.

Det er bygd ein liten barneskule av telt og presenning, sidan skulen ved sida av moskeen er riven fleire gongar

Det er bygd ein liten barneskule av telt og presenning, sidan skulen ved sida av moskeen er riven fleire gongar

I dag er eg i landsbyen for förste gong. Det er uverkeleg å sjå korleis dei utnytter grottene som ligg naturleg i landskapet til å lage små heimar til seg sjölv eller dyra. 22 familiar lev i grotter halve året, for mellom anna å ta seg at dyra sine. 16. desember måtte også denne landsbyen flytte alle menneska og alle dyra dei eig vekk frå landsbyen, pga ei större millitäröving. Dette har skjedd mange stadar i Jordandalen i löpet av det siste året, noko me ledsagarar har erfart når me möter samfunn i Jordandalen.

Fouzan har levd eit langt liv. Han er 74 år og kan det meste om historia til Khirbet Tana

Fouzan har levd eit langt liv. Han er 74 år og kan det meste om historia til Khirbet Tana

”Det er förste gong det skjer med oss. Me måtte ta med oss alle dyra og ungane og stå bak åsen der borte frå seks om morgonen til klokka tre om ettermiddagen”. Fouzan, ein av mennene i landsbyyen, peikar bort mot åstoppane, medan han kjem med ei lita tilståing: ”Me lot dei minste lamma vere igjen i ei av grottene. Dei er ikkje så lette å ta med seg”.

Ledsagarane frå Yanoun blir tatt godt i mot av familien

Ledsagarane frå Yanoun blir tatt godt i mot av familien

Me blir önska velkommen inn i ei av grottene der söstrene Amera (13) og Braa (14) bur saman med familien sin. Her ligg madrassene i ein sirleg haug. Saman med ein sliten sofa, eit skap, ei klokke og eit provisorisk kjökken, er det alt som skal til for å gjere det heile til ein heim. Mor lagar eit lite måltid til oss med youghurt, steikte egg, olivenolje, og nysteikt bröd, baka i tabounen deira. Me sit på gulvet på tepper og madrasser, og et med fingrane medan teen blir servert for tredje gong denne dagen.

Grotta er ein liten heim for sju mennesker. Her bur dei tett saman, 6 månadar i året

Grotta er ein liten heim for sju mennesker. Her bur dei tett saman, 6 månadar i året

Amera vil bli lärar når ho blir stor. Braa vil bli advokat. Det er viktig med framtidsdraumar, og far er tydeleg stolt av jentene sine. Han fortel at dei studerer hardt. Jentene spör litt forsiktig om skulen min heime i Norge – som er så veldig langt vekke fra deira eige land. Me samanlikner og ler litt, og det er tydeleg at dei synest det er spennande. Småbrödrene som me mötte tidlegare på dagen borte ved moskeen, kjem inn og held oss med selskap. Tidlegare spelte dei klinkekuler og passa sauene. No er det sötsaker fra mor som ventar.

Braa og Amera er söstre og ivrige elevar. Dei vil bli advokat og lärar når dei er vaksne

Braa og Amera er söstre og ivrige elevar. Dei vil bli advokat og lärar når dei er vaksne

Småbrödrene er glad i å leika med klinkekuler, når dei ikkje hjelper til med husdyrhald

Småbrödrene er glad i å leika med klinkekuler, når dei ikkje hjelper til med husdyrhald

Deler av taket på grotta er öydelagt. ”Hären kom med bulldosarar og knuste taket”, fortel mor. ”Eg har sjeldan kjendt på ei slik avmakt og eit slikt sinne. Barna mine var heldigvis ikkje her, berre eldsteguten. Han sa me skulle bli inne i heimen vår for å beskytta den, men soldatane tok han med seg utanfor og trua med å slå han. Eg kunne ikkje sjå på at dei slo han. Det nytta ikkje å gjere motstand.”

Det vart sterke reaksjonar internasjonalt då det vart kjendt at Israel riv grotter som familiar bur i. Det vart også fordömt at ein öydelegg vasskjelder som samlar regnvatn, til bruk for mennesker og dyr. Frå April 2011 har advokatar klart å frysa rivningsordrene som gjeld – inntil vidare. No lev landsbyen i uvisse for kva som skjer vidare. Dei peikar mot ein grusveg i det nydelege landskapet. ”Når bulldosarane kjem, så kjem dei frå den vegen der”.

I dag er Khirbet Tana den fredlegaste staden på jord. Eg håpar den får forbli det

I dag er Khirbet Tana den fredlegaste staden på jord. Eg håpar den får forbli det

4 thoughts on “Amera (13) og Braa (14) bur i ei grotte halve året

    • I dag er eg også matt. Forsvarsapparatet mitt er borte og eg kjenner kor sliten og makteslaus eg er. Beduinsamfunna i Jordandalen som eg skreiv om i innlegget https://fravestkysttilvestbredd.wordpress.com/2013/01/05/under-open-himmel/ er rivne i dag, saman med mange andre små samfunn. Den israelske hären kom med bulldosarar og grensepoliti. Kontrollposten inn til området var stengt, så inga presse eller andre fekk dekka rivinga medan det stod på. Det heile stod på i 6 timar. Heile samfunn vart jevna med jorda, i den störste aksjonen på lengre tid. No er det sett opp provisoriske telt av Internasjonalt Röde Kors. Folk kan gjerne kalle meg partisk, men ein högrevridd politikk som tar meir hensyn til eigen jakt på landområde enn til enkeltindivid, er ein politikk som eg meiner er forkasteleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s