Demolition day i Jordan Valley.

Denne veka har teamet mitt vore fire dagar i Jordandalen. Det me var redd for skulle skje med beduinsamfunna i Hammamat Al Maleh og Al Meiteh har skjedd. Rivningsordren (demolition order) som menneska her har levd med over lengre tid, er no er endeleg og gjennomfört.

Morgonen 17. januar 2013 kom den israelsker hären til dei to samfunna. Dei kom med tre bulldosarar, grensepoliti og mellom 200 – 300 soldatar. Hären blokkerte veien til Hammamat al Maleh og Tubas fra krysset ved veg 578. Ingen media eller hjelpeorganisasjonar fekk tilgong medan operasjonen föregjekk. Folka i beduinlandsbyen Al Meiteh vart beordra til å stå 500 meter unna heimane sine. Det heile var over klokka 13.00. Då dei kom tilbake var heimane (skur og telt) til 55 menneske (6 familiar) rivne. Dette er over halvparten av befolkningen i det vesle samfunnet. I tillegg var skura til 300 sauer rivne.

Samtidig, i Al Maleh, skjedde meir eller mindre det same. Her vart färre familiar råka, tilsaman 25 mennesker (ein tredjedel av det vesle samfunnet) og 200 sauer. Tilsamen fekk dei 15 telt öydelagt, som gir tak over hovudet til både menneske og dyr.

Alle familiane som vart råka hadde endeleg rivningsordre den 31. desember 2012. Advokaten deira, Tawfig Jabareen, klarte ikkje å få fryst rivningsordren til samfunna, sidan eigaren, the Lathin Patriarch , ikkje gav tillatelse for familiane å bli. Teamet mitt har fulgt desse sakene sidan me kom, men det har ikkje vore mogleg for oss å endra noko.

Når folk og dyr står utan tak over hovudet, er IRCR (internasjonalt Röde kors) behjelpelege med telt og nödustyr. Dagen etter rivninga var vegen endeleg open og Röde kors kom og sette opp provisoriske telt, for å hjelpa familiane der midlertidig. Teamet mitt var til stades for å dokumentera saka og bistå familiane. Men telta fekk ikkje stå lenge. Allereie neste dag kom hären inn i dei to små landsbyane. Dei fjerna telta fra Röde kors og i tillegg tok dei med seg familiane sine personlege eigendeler. Beskjeden frå soldatane til Röde kors og familiane var klar: Kjem det opp fleire telt, kjem hären tilbake og konfiskerer saueflokkane.

I går söndag skulle teamet mitt til Nablus for å delta på gudsteneste for å vise solidaritet med kristne palestinarar. Men då me höyrde at telta frå Röde Kors var konfiskert, reiste me i staden til Jordandalen for å sjå med eigne auge kva som hadde skjedd. Og det stemte: Röde kors sine telt var fjerna og også familiane sine personlege eigendelar. Nokre hadde sove under open himmel, andre fekk sove hos naboar.

Og midt oppi denne tragedia for menneska her, går livet sin vante gong. Ungane leikar, kvinnene tröstar kvarandre, ryddar og pröver å gjere det beste ut av situasjonen, og mennene har tatt med dyra langt opp i fjella for å göyme dei – i tilfelle hären kjem på nytt. Då me snakka med Röde kors var både hjelpemannskap og landsbybuarane usikre på kva som er lurt å gjera. Skal ein setje opp telta på nytt, eller skal ein vente til kanskje hären er mindre frampå?

Seinare på dagen kom både media, hjelpeorganisasjonar og guvernören i Tubas for å laga innslag på tv og radio om det som har skjedd.

Ein ting er sikkert. Israel vil ha beduinane vekk fra Jordandalen. Dei erkläerer område etter område som millitär sone. Men beduinfolket vil bu her, slik dei har gjort i generasjonar.

4 thoughts on “Demolition day i Jordan Valley.

  1. Du nevner ikkje noko om det så eg spør for sikkerhets skuld, sjølv om eg tvilar på at det er tilfelle: når hæren går inn og riv slik dei har gjort her, er det fordi Israelske myndigheter ikkje vil ha beduinane buande akkurat der. Tilbyr dei tilsvarande husvære andre stadar der dei er mindre “i vegen”? Som sagt reknar eg ikkje med det, men det hadde vore interesant å vita litt meir om akkurat det. Ein driv med ekspropriering i Norge og, men då mot ganske god betaling. Og sjølvsagt i eige land, ikkje på okkupert område. Israel gir ingen kompensasjon eller tilbud om det? Kva er den offisielle politikke til Israel her, veit du det?

    • Eg har aldri opplevd at det har vore noko alternativ til desse menneska i Jordandalen, eller noko som helst form for ökonomisk kompensasjon. Eg kan pröva å få sjekka det opp. Men når me har snakka med andre hjelpeorganisasjonar, er det dette som igjen og igjen blir framheva: At politikken her er så brutal – og at desse aksjonane set eit sårbart folk i stor nöd.

      Folka me snakka i desse samfunna får beskjed om at dei skal flytte til Tubas, ein by som er såkalla område A (etter Oslo-avtalen). Område A utgjer mindre enn ein femtedel av Vestbredden. Ved å tvinga folk til å flytta til desse områda (der det er palestinske sjölvstyremyndigheitene) kan Israel få meir kontroll over område B og C. (I B-områdene (24%) har palestinsk sjölvstyremyndigheiter sivil kontroll, medan Israel har millitär kontroll. I område C (59 %) har Israel full kontroll). Både i B og C-områda er det allereie mange israelske busetjingar, og Netanyahu har planar om auke desse.

      Poenget her er at beduinane som lev her, på sine landområde (frå för okkupasjonen), önskjer å få leva vidare her også. Sjölv om dei er eit nomadefolk, så held dei seg stort sett i ro. Livet er annleis no enn for 100 år sidan. Barna må på skule, dei må ha tilgong til vatn, elektrisitet osb. Dei vil ikkje flytta inn til ein by – og dei har ingenting dei kan gjera der. Det går ikkje ann å ta med seg 400 sauer og flytta inn i eit nabolag. Så enkelt er det for dei. Og internasjonal lov har dei jo på si side. Men politikken som blir handheva er ein heilt annan.

  2. Hei Anne! Takk for en tankevekkende blogg. Alle innleggene er interessante og du byr på sterke historier. Du skriver veldig godt og hvis du i tillegg tar bildene selv, er det bare og ta hatten av. Det er så deprimerende at Israel som på så mange områder er kjempeflott, tillater seg å behandle palestinerne og beduinene som de gjør. De vet bedre og de kan bedre, men likevel er dette de velger.

    • Takk Björn! Alltid hyggelig med god tilbakemelding. Og ja; bildene er i 98 % mine eigne. Er veldig glad i å ta bilder, men har mykje å läre.
      Ser fram til å vise deg Yanoun og omegn i morgon!
      Anne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s