The Right of Return

Balata flyktningleir ligg i Nablus og er den störste på Vestbredden ut frå befolkningstal. Den vart oppretta nokre år etter al-Naqba, som dreiv omlag 700 000 palestinarar på flukt, etter at staten Israel vart offisielt oppretta 15.mai i 1948. Leiren skulle vere ein midlertidig stad for 6000 heimlause. I dag er over 25 000 flyktningar stua saman på 1,5 kvadratkilometer.

Trange smug i Balata leiren. Nokre stadar er det berre ein meter mellom husa.

Trange smug i Balata leiren. Nokre stadar er det berre ein meter mellom husa.

Når eg går rundt i leiren kan eg kjenne på den dirrande intensiteten av folk som bur tett i tett. I dei smale smuga i den overbefolka leiren, er det mange stadar ikkje mogleg å sjå dagslys. Balata er eit av dei mest tettbebuande stadane i heile verda. Her lev tre generasjonar saman. Tre generasjonar som alle har hatt lengselen etter å få reise heim.

barn i smug

Me möter Ahmad Thougan som er leiar av Popular Committee i flyktningleiren. Han tar i mot oss inne i kultursenteret, forsyner oss med te og startar å fortelja: ”Eg er född i leiren. men familien min kom frå Yatta. No er eg 50 år. Frå min barndom til no har leiren forandra seg mykje”.

Ahmad Thougan er leiar for the Popular Committee i Balata leiren

Ahmad Thougan er leiar for the Popular Committee i Balata leiren

Ahmad fortel at leiren vart oppretta i 1952 og at det berre var telt der i byrjinga. Ahmad viser meg eit eit gamalt foto som viser leiren frå den förste tida. På 60 talet byrja dei å bygge små hus. Sidan det ikkje er lovleg å utvide leiren, bygger alle i höyden. For nokre veker sidan når det var storm og uver, kollapsa deler av bygningar. Ingen vart skada, fortel Ahmad. Men buforholda her er elendige, og bygningsmessig er husa svärt utrygge.

Dette bildet  er tatt på 50-talet og viser korleis leiren såg ut då

Dette bildet er tatt på 50-talet og viser korleis leiren såg ut då

Balata har vore opphavsstad for palestinarane sin kamp mot okkupasjonen. Også Ahmad har vore politisk aktiv. Pga det har han sete til saman 9 år av livet sitt i fengsel. Han fortel at han 18 gongar vart han sett i israelsk fengsel, kvar gong på omlag 6 mnd. Framleis kan du finna gamle plakatar og skilt som hyllar motstanden mot okkupasjonen inne i leiren – spesielt i samband med den andre intifadaen. Då var fridomen sterkt innskrenka og det var stadige kampar mellom flyktningane og det israelske millitäret. Etter 2006 har mykje endra seg. Hären er her no berre om nettene. Men sjölv om ein i dag har moglegheit til å flytte ut av leiren, har mange av flyktningane her ikkje råd. I leiren er det ein del ökonomiske subsidier, som gjer at livet utanfor leiren blir for dyrt.

Politiske flagg i Balata - camp

Politiske flagg i Balata – camp

Ahmad fortel vidare om dei store vanskane i leiren. Det at folk bur så utruleg tett er hovudproblemet. Sjölv har eg snakka med ei kvinne i kvinnesenteret som bur saman med 70 personar i eit hus på 100 kvadratmeter. Ahmad fortel vidare at det förer til depresjonar, konfliktar, narkotikamisbruk, skilsmisser, arbeidslöyse – og ikkje minst vanskelege forhold for barna og ungdommane. Dei ulike hjelpetilboda som finnest klarar ikkje å dekke behovet som er for å få hjelp.

60 % av befolkningen i leiren er barn og ungdom

60 % av befolkningen i leiren er barn og ungdom

I Balata-leiren er det guteskular og to jenteskular som er drivne av FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtösten UNRWA. Ahmad fortel at skulane er overfylt, med 50 elevar per lärar – og at läringsmiljöet er kritikkverdig til tider. Likevel tar mange av ungdommane högare utdanning. Ungdomane og ikkje minst foreldra deira veit, at dette er den einaste moglegheiten til å få eit betre liv. Men det er ingen garanti. Mange har hög utdanning men ingen jobb å gå til. Ein del veljer difor å jobba som frivillig i dei ulike sentera i leiren, mellom anna i barne- og ungdomssenteret og i kvinnesenteret.

Ein liten skatt i 4. etasje

Ein liten skatt i 4. etasje

Sjölv har Ahmad flytta ut av leiren. Familien hans vart så stor, at det ikkje lengre vart plass til dei.
”Men hjarta mitt höyrer til Balata. Her har eg hatt heile livet mitt, heile nettverket mitt og draumane mine. Eg har brukt heile livet mitt for å kjempa for flyktningane sine rettigheiter. Identiteten min er ein Balata-flyktning. Og eg kjempar framleis for The rigth of return.”

2 thoughts on “The Right of Return

    • Mange lev av husdyrhald, og mange er bönder. Nokre er kjöpmenn og ellers alt det som ein treng i eit samfunn (alt frå bilmekanikarar, eletrikar, bygningsfolk osb). Ein god del er tilsett i det offentlege; lärarar, politifolk, helsepersonell. Og så er det nokre som jobbar i myndigheitene. Men noko god oversikt på dette har eg dessverre ikkje, og eg veit at arbeidsledigheiten er stor. Når det gjeld Balata så kan dei som bur der ha jobbar andre stadar. Det er vel truleg difor mange av ungdommane tar högare utdanning.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s