Placement Visit – South Hebron Hills

Sjölv om Yanoun er verdens finaste stad, er det utrulig lärerikt å koma seg rundt på Vestbredden og sjå nokre av dei andre plasseringane som det er stasjonert ledsagarar frå EAPPI på. Tidlegare har eg fulgt Jerusalem-teamet rundt i den spennande byen deira. Denne gongen er det South Hebron Hils som er staden.

Her er litt av det me opplevde desse dagane:

DAG 1 drar me frå Jerusalem med ein av bussane til Breaking the Silence. Breaking the Silence tilbyr guida turar til South Hebron Hills, som ligg sör på Vestbredden. Guiden er ein av medlemmane i organisasjonen, er ein tidlegare israelsk soldat som har tenestegjort i akkurat desse områda. Han deler sine erfaringar for å illustrere den irsraelske regjeringa sin politikk, utfört av IDF (det israelske millitäret).

Guiden er tidlegare soldat i den israelske hären og gir oss ei innföring i eigne  og andre sine opplevingar frå tenesta si South Hebron Hills

Guiden er tidlegare soldat i den israelske hären og gir oss ei innföring i eigne og andre sine opplevingar frå tenesta si South Hebron Hills

Medan resten av turfölget drar tilbake til Jerusalem, hoppar me av bussen ikkje så langt frå byen Yatta, kor ledsagarane har eit eige hus som dei bur i. Om kvelden er det filmkveld og sosialt samver, og sidan me er fire nordmenn, ein svenske og ein sveitser, må me verkeleg ta oss i saman for å ikkje berre skravle i vei på skandinavisk.

gjetargut i Fire Zone 918 South Hebron Hills

DAG 2 drar me til Fire Zone 918 in South Hebron Hills. Midt i dette millitäre område ligg tre små samfunn med palestinske familiar som bur i skur, grotter og telt. Medan hyrdar gjeter sauene sine gjennom området, har soldatar sine övingar. Det pleier stort sett gå godt, men nokre netter har folka i landsbyen blitt ransaka av soldatane. To av ledsagarane skal overnatte i landsbyen saman med folk frå organisasjonen Operation Dove for å gi beskyttande närvär. Me andre får berre eit overblikk over området, för me drar vidare.

Fremst i dette bilete ser du hyrdar som er ute og gjeter store saueflokkar. Lengre bak ser du soldatane som gjennomförer si trening

Fremst i dette bilete ser du hyrdar som er ute og gjeter store saueflokkar. Lengre bak ser du soldatane som gjennomförer si trening

I landsbyen Ar Rahwa möter me familiar som fekk telta sine rivne pga. demolitonsordre for nokre dagar sidan. Familiane har eit stort behov for å dele det dei har opplevd med oss, og viser oss korleis dei bur og kva som vart rive. Johan, som er ledsagar i Yatta, pröver å hjelpe familien med å kontakte advokat,slik at dei kan få hjelp vidare.

Fleire av telta til familiane her vart rivne pga demolitions ordre for nokre dagar sidan

Fleire av telta til familiane her vart rivne pga demolitions ordre for nokre dagar sidan

Kvinnene her er framleis opprört over det som har skjedd, og treng å få visa oss kva som har skjedd

Kvinnene her er framleis opprört over det som har skjedd, og treng å få visa oss kva som har skjedd

DAG 3 drar me til Hebron. Denne byen er den störste på Vestbredden og også her har EAPPI ledsagarar stasjonert. Vår svenske ledsagerkollega gir oss ein guida tur gjennom byen. Me får også varm lunch hos ein palestinsk familie som bur i Shuhada street, midt i området der konfliktane mellom palestinske og israelske busetjarar er störst. Shuhada street var ein gong ei travel handlegate. Då israelske busetjarar tok over ein lokal bygning og oppretta busetjinga Beit Hadassah i 1979, vart dei palestinske butikkane i gata stengt. Shuhada street har sidan den gong vore hovudsakleg berre for israelarar. Palestinske barn har lov til å bruke ein del av gata for å kome seg til Cordoba skulen som ligg like ovanfor Beit Hassah. Dei palestinske skulebarna må gjennom kontrollpost 56 kvar dag for å kome seg til skulen, og ledsagarane i Hebron har som oppgåve å fölge desse barna.

I Shuhada street er det folketomt. Berre soldatar og ledsagarar frå Eappi er ute i gata

I Shuhada street er det folketomt. Berre soldatar og ledsagarar frå Eappi er ute i gata

Det vert også tid til litt shopping i butikkane til Women in Hebron. Eg kjöper nokre vakre skjerf og små håndbroderte vesker, men skulle gjerne kjöpt så mykje meir. Men tida spring i fra oss, og me må dra heimover. Den gule minimussen köyrer ei melkerute via Betlehem, för eg endeleg er i Ramallah. Der möter eg min ledsagerkollega Derek og ein dansk student, som gjerne vil besöke oss i Yanoun.

Det er mörkt når sjåfören vår henter oss i vegkrysset i Zattara. 15 minutt seinare har me kjört gjennom Aqraba og er tilbake i vesle Yanoun. Tre dagar på tur er over og eg er heime igjen. Om tre veker er eg også heime, men det er i Norge – og det er både godt og vemodig å tenke på…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s