Fareh Nasim bur i Jalud

I östre del av Jalud bur det fem familiar som er i slekt med kvarandre

I östre del av Jalud bur det fem familiar som er i slekt med kvarandre

Jalud er ein av desse små landsbyane på Vestbredden som eg har vore i fleire gongar. Ledsagarteama i Yanoun har landsbyen som eit av sine ansvarsområde, då busettarvald og angrep dessverre har skjedd mange gongar dei siste åra. I byrjinga av januar 2013 vart me oppringt om kvelden, og böna var fölgande: Kom og hjelp oss!

Det viste seg at ei mengde busetjarar frå utpostane Aish Kodesh og Kidah hadde omringa husa i mörkret, og kasta stein på bilar og eigedomar. Foreldra göymde barna inne i husa og nokre av dei vaksne sprang på taket for å kaste stein tilbake.

Mange av vindauga i husa er knust, slik som dette kjökkenvindauga

Mange av vindauga i husa er knust, slik som dette kjökkenvindauga

Bilen har knuste ruter etter angrepet  kvelden för

Bilen har knuste ruter etter angrepet kvelden för

Ledsagarteamet mitt kunne ikkje dra ut denne kvelden. Me skal ikkje gå inn i farlege situasjonar eller prove å gå mellom palestinarar og israelarar. I staden for drog me neste morgon for å skriva rapport, ta bilete og snakka med familiane om det som hadde skjedd.

Far til Fareh vart truffen av ein stein i skuldera då han prövde å beskytte guten sin

Far til Fareh vart truffen av ein stein i skuldera då han prövde å beskytte guten sin

Det var ein trykka stemning då me kom, og nokre av palestinarane utrykte frustrasjon over at me ikkje kom kvelden för. ”Kven kan eigentleg hjelpa oss? ” spurte ein av mennene. ”Hären er på busetjarane si side, og me står hjelpelause tilbake”.

Vindauge var knust både på bilar og hus. Me gjekk rundt og såg på dei materielle skadene, utanpå – og også inne i husa. Men det som gjorde mest inntrykk var å möte vesle Fareh Nasim, som vart truffe av ein av steinane som kom gjennom eit av vindauga. Han måtte sy seks sting i panna. Faren han vart også truffe av stein då han prövde å beskytte guten.

Fareh Nasim har 6 sting i panna etter at han vart truffe av ein stein som ein busetjar kasta mot huset hans i natt.

Fareh Nasim har 6 sting i panna etter at han vart truffe av ein stein som ein busetjar kasta mot huset hans i natt.

Heldigvis glöymer barn fort, og  Fareh er med i leiken igjen

Heldigvis glöymer barn fort, og Fareh er med i leiken igjen

Angrepet er eit av mange for desse familiane i Öst Jalud og var truleg ei hevn etter at folka i landsbyen har endeleg har fått lov av israelsk rett til å dyrke eit lite landområde som dei eig. Plantinga hadde dei gjennomfört nokre dagar tidlegare.

2 thoughts on “Fareh Nasim bur i Jalud

  1. Det her er hårreisande! Det skal bli spennande å sjå kva som skjer no når det er nye, meir moderate folk valgt inn i Knesset. Å sjå kva som skjer med fredsforhandingane og å sjå kva som skjer med price-tagging og desse irrasjonelt aggresive nybyggjarane.
    Eg får heilt vondt inni meg av å lesa om dette…

    • Har vore på den norske ambassaden i Tel Aviv i dag. Der helste me på ambassadøren og snakka med to av diplomatane, m.a om den nye regjeringa som skal dannast. Dei meinte det truleg ikkje vil bli så store endringar i forhold til politikken dei har vedr palestina, men at endringane mest kjem til å gjelda internt i Israel.

      Eg skal fortelle deg meir om møtet når me kjem heim. Det var utrulig spennande og lærerikt, men det er også godt å få bekrefta at dei tankane og erfaringane som me som ledsagarar gjer oss her nede, stemmer overens med det dei fortalte og det dei også ser.

      Gleder meg til å treffe deg, bare ei lita stund igjen no🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s