Dei som er uskuldige

Jente fra Ar Rahwa - South Hebron Hills

Jente fra Ar Rahwa – South Hebron Hills

For dei som ønskjer ein rettferdig fred mellom Israel og Palestina, bör det også vere eit poeng å stadfeste at begge sider har opplevd enorm lidelse. Begge sider har gjort grove overgrep og begge partar har eit leiarskap som har svikta. Men nokre er likevel heilt uskuldige. Det er dei israelske og palestinske barna. Desse barna som er fødd inn i ein konflikt dei ikkje sjølv har laga, og på ingen måte kan vera ansvarlege for.

Nokre av desse barna lev dagleg med trusselen mot seg. For mange av dei er vald og angrep som følgje av konflikten, ein del av kvardagen. Desse barna vert skada, psykisk og fysisk. Nokre av barna dør. Når eit liv går tapt finnest det inga unnskulding. Og ingenting kan bøte for sorga og lidelsen det fører med seg, for dei som mister det kjæraste dei har.

Shalhevet Pass var berre 10 månadar gamal då ho vart drept. Abir Aramin var 10 år. Shalhevet vart drept medan ho sat i barnevogna si av ein palestinsk snikskyttar. Abir vart drepen då ein israelsk grensepatrulje opna ild mot ein mistenkeleg steinkastar. Desse to jentene, ei israelsk og ei palestinsk, er berre nokre av dei uskuldige barna som har mista livet i løpet av dei siste tiåra.

Eit dødt barn er eit for mange. Og eit menneskeliv er like mykje verdt. Men sjølv om eg nemner eit israelsk barn og eit palestinsk barn, er dette ikkje representativt for balansen mellom antal drepte barn på begge sider. I løpet av dei siste 12-13 åra har over 90 israelske barn blitt drept av palestinarar, medan Israel har ansvaret for at over 1300 palestinske barn er blitt drept. I tillegg har Israel arrestert over 7000 palestinske barn sidan september 2000 og brakt dei til israelske millitærrettar. 62,5 % av desse vart arrestert i løpet av natta, og ingen av desse barna får lov til å ha med seg sine foreldre når dei vert teke med av soldatar. Israelsk lov seier at israelske barn under 14 år ikkje kan bli sett i fengsel og dei skal bli bistått med advokat i løpet av 48 timar. For palestinske barn er kriminell lågalder 12 år, og det er ikkje same kravet om advokat.

Eg har møtt fleire av desse barna som har opplevd å plutseleg blir halde igjen av soldatar, eller tatt med til ein utpost eller millitærleir, utan forvarsel. Den minste av dei eg møtte var Noor på 12 år som vart halde igjen av israelske soldatar på skuleveg. Dei sa han hadde kasta stein. Fleire timar seinare vart han slept fri og faren kunne ta han med heim. Yassir på 14 vart tatt med av soldatar utanfor huset sitt. Fem timar seinare fekk han koma heim, etter å ha blitt tatt med først til ein israelsk busetjing, så ein millitærleir, og så til slutt overlatt til palestinske myndigheiter. Desse to barna er heldige samanlikna med andre som faktisk vert sett i fengsel, men dei psykologiske ringverknadane etter ei hending som dette kan likevel vere fatale.

Dei ansvarlege for dei israelske og palestinske barna sine lidingar, finnest på på begge sider av konflikten. Den som avfyrer skotet, som skyt rakettane, som slepp bombene, og ikkje minst leiarskapet som fortel at dei skal gjere det. Både palestinsk og israelsk leiarskap har og må ta sitt ansvar. For barnas skuld. For den oppveksande generasjonen som fortener å leve, utan å vere overbevist om at det er nokon på den andre sidan som hatar dei. Som vil utslette dei og som ikkje unnar naboen sin eit verdig og rettferdig liv.

Uansett er eit menneskeliv like mykje verd. Ingen fortener å dø. Ingen fortener å leve i frykt eller lide under okkupasjon eller trusselen utanfra. Men eg klarar ikkje å fri meg frå tanken; Kva om det hadde vore motsatt. Kva om det var over 1300 israelske barn som var drept, 7000 arresterte israelske barn, dei yngste ned til 7 år. Eller for å leike med tanken: Kva om det var våre norske barn? Kva ville me gjort? Kva ville me ha funne oss i?

2012 var det første året der ingen israelar (verken barn eller vaksne) døydde som følgje av palestinsk åtak. Israel forklarer at det er okkupasjonen og dei strenge sikkerhetstiltaka, som har ära for dette. Men me som bur her nede veit at det er mange vegar ut og inn av Vestbredden, utanom muren. At tusenvis av palestinarar illegalt reiser dagleg til Israel for å jobbe svart, og som ikkje drar via kontrollpostane (checkpointa) som er sett opp. At muren i praksis hindrar kvardagsmenneske, i sin daglege ferd, som treng å koma seg på skule, på arbeid, til jorda si for å pløye eller for å ta med sauene sine på beite. Og at dette blir registrert, kvar morgon og kvar ettermiddag/kveld.

Eg veit at denne konflikten er kompleks – og at det er farleg å samanlikna lidelse. Men all liding som er på avstand er så lett å la passere, utan å gjere noko. Og for det jødiske folket i Israel, så er dei truleg akkurat som du og meg: Anstendige, verdige og reflekterte menneske. Dei aller fleste er verken egoistiske eller hatefulle. Men stadig stiller eg meg spörsmålet: Kvifor aksepterer israelarane det som skjer under okkupasjonen? Det store spörsmålet er først og fremst om dei veit kva som verkeleg skjer, eller om dei trur det som blir fortalt dei. Mange israelarar har eit ytre fiendebilete, og dei er prega av sin historie. Det er ikkje underleg, og all den lidelse som ligg i den jødiske historien pregar framleis eit folk. Spørsmålet er berre om det no er tid for å sjå framover, i staden for tilbake.

Som sagt er 2012 det første året der ingen israelarar vart drepne som følgje av konflikten. Berre i løpet av dei tre månadane eg har vore her nede har ei rekke palestinske ungdommar og unge vaksne blitt drept. I januar 2013 har fem unge palestinarar i alderen 15 til 21 år blitt skoten av israelske soldatar. Ei av desse stod og venta på bussen for å besøke søster si. Ein annan av dei var på veg til jobb. Den israelske etterforskninga av det som skjedde vil vise om Israel vil ta sjölvkritikk, eller om desse unge menneska vert skulda for å ha vore terroristar eller for å ha planlagt terrorhandlingar.

Kven som eig sanninga i ein kompleks konflikt som denne er nok usikkert. Eg kan heller på ingen måte påberope meg å vite alt eller å ha kontroll på sannheit og løgner. Men det eg har sett i löpet av desse månadane har vore eit smertefullt møte med eit palestinsk folk som lir unødvendig under okkupasjonen. Og når ein tenker på at over 1400 israelske barn og palestinske barn til saman har blitt drept sidan 2000, så er det ingen av dei to sidene som er tent med slike tal. Särleg ikkje dei som må leva vidare utan sine kjæraste.

rak i ryggen

Kjelder:
http://www.btselem.org/firearms/201301_fatalities
http://www.addameer.org/etemplate.php?id=296

1 thoughts on “Dei som er uskuldige

Kommenter innlegget