Children of Palestine

Det går mot vår i Palestina. Mandeltrea står allereie i full blomst. Bakkane er grøne og lufta er varmare. Tre månader er plutseleg over og det er på tide å ta farvel. Forhåpentleg på gjensyn, men det er nok mange eg aldri vil møte igjen. Eg tar med meg så mange minner som eg skal ta godt vare på.

Her ser du nokre av dei barna eg har møtt. Nokre sprellande glade og fulle av livsglede. Andre betutta over ein kvardag som er vanskelegare enn det eit barn skal oppleva. Dei er barn, akkurat slik dei eg reiser heim til, og som eg møter snart igjen. Men barndomen deira er annleis, og eg skulle ønske andre oppvekstkår for dei.

All the best, children of Palestine!

Vårmorgon på jorda
Av Ingvar Moe

Kom, ta mi hand og gå med meg,
eg har ei jord å visa deg,
kom, før det blir for seint
Kjenn, enno angar skogane,
sjå, koss det gror bak plogane,
sjå, vatnet er så reint.
Høyr fuglane på taket,
kjenn dagen kjem tilbake.
Kom, tak mi hand og gå med meg,
eg har ei jord å visa deg,
kom, før det blir for seint

2 thoughts on “Children of Palestine

  1. Tusen takk Anne for at du har delt dine opplevelser med oss , har endret mitt syn på ein del ting og også fått meg te å sjå kor godt me har det, sjølv om me stadig vekk klager.
    God tur heim♥

  2. God tur heim Anne. Det skal bli godt å sjå deg att🙂 Har vore spennande å lesa bloggen din. Du har nok fått minnar for livet. Stor klem frå Beate

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s