Dei siste dagane

Så er det berre nokre dagar att. Dagar som skal fyllast med oppbrudd, farvel og på gjensyn. For me ser kvarandre kanskje att? Eller kanskje ikkje… Alle menneska her reiser vidare i livet sitt, men i motsetnad til meg vert dei fleste her dei er. I sin by eller landsby, i beduinleiren sin, i sitt hus, telt eller grotte. I område A, B eller C på den omstridde vestbredden. I Palestina.

For meg som har moglegheiten å kome tilbake til mitt komfortable liv, kjennest det med eitt egoistisk og feigt å dra heim.

Framtida er så uviss for menneska eg har møtt. Og for alle eg aldri traff. Men håpet om ein rettferdig fred MÅ vere til stades. Det fortel palestinarane om og om igjen når eg möter dei. Det fortel også mange israelarar som me møter. For håpet om livskraft og gode dagar for både israelarar og palestinarar – dette håpet er det mange som deler. Og det gir meg framtidshåp. Dess fleire som deler – og ønskjer, dess større er moglegheiten for at ein dag vil fredsbestrebelsane ende positivt.

Mine tre månadar gjer i den store samanhengen ingen skilnad. Men det har endra meg. Og kanskje har nokre av dei som eg møter eller som les det eg skriv, har sett av livet her nede ikkje er enten eller, svart eller kvitt, englar eller demonar. Men på trass av dette er det balansen ujamn. Styrkeforholdet mellom soldatar med våpen og ammunisjon og steinkastande palestinarar på Vestbredden er ujamnt. Kvardagslidelsen er etter mitt syn større på den eine sida enn den andre.

gut i sort kvitt

Det er her og no som tel for meg. Eg kan ikkje la historiske eller religiøse motiv rettferdiggjere at menneske her nede lid slik som dei gjer. Det eg ser er at den oppvaksande generasjonen i Palestina lid meir enn den oppvaksande generasjonen i Israel. Det er det er ser. Det er mi meining. Andre får meine det dei vil, men mine møter med menneska, barna og ungdommane her nede vil følgje meg for resten av livet.

Så tar eg med meg orda fra palestinaren eg mötte i Jericho og deler dei gjerne med deg:

”Kom til oss. Sjå med dine eigne auge. Kjenn med dine eigne sansar. Opplev sjølv. Snakk med oss og snakk med Israel. Mange menneske i Israel ønskjer det same som oss. Dei vil leva i tryggleik og i fred med sine naboar. The sun will always rise. One day there will be a peace.”

6 thoughts on “Dei siste dagane

  1. Nydeleg skreven av ein flotte person. Eit fantastisk bilete; eit bilete som som seiar meir enn tusen ord. Hendar som strekkar seg ut etter håp, fred og friheit. Du er fantastisk tøffe Anne, og takk for at eg fekk følgja deg i desse 3 mnd. på bloggen din. Eg ynskjer deg ein god tur heim❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s