om meg

Anne S. Vikanes er til vanleg rektor på Moster skule. Ho har no permisjon frå jobben for å delta som ledsagar i Kirkens nödhjelp sitt ledsagarprogram i Palestina og Israel.

Anne

“Anne e jysla kjekke!” Sitat ein god venn.

Sitatet er faktisk fra Janne, mi gode venninne, som er ein av mange som fölger spent med meg no når eg er ledsagar på Vestbredden.

Litt om meg:

Eg er glad i å reisa – og har no tatt det store steget ut i den store verda. Bloggen min heiter “fra Vestkyst til Vestbredd” – så frå å berre ha budd på to öyer på vestkysten av Norge heile mitt liv, skal eg no vera på Vestbredden i Midtösten i tre månadar. Det er ein av dei störste omveltningane i livet mitt.

Eg er glad i mennesker. Heime har eg så mange som eg likar å vere saman med, både på jobb og elles. Eg er mamma til to fantastiske gutar, har ein veldig kjekk og positiv pappa, og er elles omringa av gode venner. Eg blir aldri lei av å möte nye menneske. Her har eg allereie mött så mange. Det er givande på ulike måtar.

Eg er glad i å musisera og helst dele musikken med andre menneske. I teamet vårt her i Yanoun er me tre pianister, men me har ikkje noko piano. Det spörs om ikkje ukulelen og blokkflöyta som ligg her får halde. Song blir det uansett. Og i år blir syngefesten i romjula meir internasjonal enn den eg pleier ha heime.

God lesing –  fra Anne.

 

6 thoughts on “om meg

  1. Godt nytt år Anne! Det regnar i dag, det gjorde det i går og i forgårs og. Men elles har me hatt mykje fint ver i desember. Forstår at gutane er komne vel heim, besteforeldra var på julefest på Salem. I kveld er det vår tur til å ha nyttårsgjester. Held nok på å få ei influensa. Ha det veldig godt. Klem Rachel.

    • Tusen takk – og det samme til deg! Gutane er heime igjen, var vemodig aa seie hade, men tida gaar jo fort! Er visst ei lita flunse paa vei her ogsaa, iallefall litt sylta. Tenker det gaar fort over😉
      Ha det veldig godt! Klem

  2. Godt nytt år i framandt land, Anne. Tenkjer ofte på deg – tenk for ei oppleving du har! Sola har skine i 6 timar idag. Eg har gått tur, møtt son min Lars Magne, som skogar på Prestagarden – for å ha noko å gjere på. Elles har Leifen “spandert” lesebrett til meg til jul. (Ønskjte det ikkje) Wordfued tek tid. Helsing Gunvor

    • Hei Gunvor! Takk for koselig melding! Ser for meg deg på tur i vakre vinter-Bömlo! Her har også vinteren kome. For nokre dagar sidan var det snö her, både på Vestbredden og fleire stadar i Israel – og då stengte dei både vegar og butikkar og skular (iallefall enkelte stadar). Det var mange år sidan det hadde falle så mykje snö på ein gong, men dessverre (?) så forsvann det like brått som det kom… Me har hatt ei veke i Israel. Utrulig interessant og lärerikt det også, som egentleg ALT er her nede! Eg er så glad for at eg får denne erfaringa, sjölv om mykje av det er tungt å ta innover seg. Alt godt til deg og lukke til med iPaden. Wordfeud kan ein bli hekta på😉 Snakkast etterkvart! Anne

  3. Oj Anne….. Du bare gjorde det du…..!!!! Tøffingen…… Me snakka jo om Gambiatur ei sein kveldsstund i ståva til Janne, men så blei det altså Midtøsten på deg…… Ikke verst!!!! Me reiste tre uker til nydelige Gambia i november og nå har me jaggumeg bestilt to nye uker i februar…… Gleder oss til sol og varme…..
    Nyt øyeblikkene og menneskene du møter……. De risses inn i hjertet for alltid….
    Klem klem

    • Ja, gjorde det! Og eg er SÅ glad for det også🙂 Men eg planlegg Gambiatur også (du selde det så bra!) Janne var her i forrige veke, og då snakka me om det. SÅ neste november blir me forhåpentlegvis med og får möte enda fleire fantastiske mennesker og nye kulturar…

      No går tida bare så alt for fort… Me har så masse å gjera, og det blir ikkje nok timar i dögnet til å få dekka alt me skulle. Men uansett så tar eg det med meg, desse menneska her önsker eg verkeleg ei betre framtid for.

      God tur i februar! Det höyres fantastisk ut!
      klem!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s