Første møte

FØRSTE MØTE

Første møte med Israel er passkontrollen på flyplassen. «Kvifor er du her? Kor lenge skal du bli? 3 månadar? Kva skal du gjere på heile denne perioden?» Spørsmåla verkar ordinære nok, men eg har øvd på førehand om kva eg skal svare og kva eg ikkje skal seie noko om. Det er ikkje lurt å nemne at du er skal jobbe frivillig for Eappi. Heller ikkje seie noko om at du skal til Vestbredden, til dei okkuperte områda – eller at du skal ha kontakt med palestinarar. Eg slepp lett igjennom, men for to av dei yngre ledsagarane frå Norge blir det fleire og tøffare spørsmål. Maida vert sitjande i nesten seks timar og må gjennom to avhør. Ho er norsk statsborger, muslim og kjem frå Bosnia.

Første møte med passkontrollen

Første møte med Jerusalem er fullt av kontrastar. Her går eg på dei same steinane som Jesus skal ha gått på. Her slentrar uniformerte 19-åringar med maskingevær rundt i gatene, medan tusentals av turistar, lokale kjøpmenn, religiøse menn og kvinner i all sin prakt møtes – eller ikkje. Mange israelarar har nemleg aldri vore innom Øst Jerusalem, mange palestinarar aldri i Vest Jerusalem. Her er det frykt og vantru, hat og fordommar, men også kjærleik og vilje til forsoning – i ein og same by. På eit par minuttar kan du gå frå ei verd og inn i ei anna. I denne byen møter eg dei nye ledsagarane til EAPPI. Her startar den verkelege ferda til eit anna liv i tre månadar.

Første møte med separasjonsmuren er ved kontrollposten Qalandia. Seperasjonsmuren som eg berre har sett på bilder står like ved meg. Ledsagarane som skal nord til plasseringane nord på Vestbredden (Tulkarm, Jayous og Yanoun) står fast like ved ein kontrollpost. Bussen som me har brukt som offentleg transport, vert ikkje sleppt igjennom. Det er demonstrasjonar pga. Gaza-konflikten, og me høyrer skyting og ser tåke etter tåregass eit stykke unna. Eappi kontoret i Jerusalem skaffar ny transport til oss og hjelper oss å finna alternative veiar inn i Vestbredden. Me pustar letta ut når me nærmar oss målet vårt; landsbyen der me skal bu i tre månadar.

Første møte med kontrollpost og seperasjonsmur

Første møte med Yanoun og innbyggarane blir sterkt. Sliten etter ei lang reise er me endeleg i ein av dei minste lansbyane på vestbredden. Her skal me bu saman seks menneske frå seks ulike land. Ingen av oss kjenner kvarande frå før, og alt er framandt. Husa, lukta, utsikten. Det er enkelt og fattigsleg, men møta med innbyggarane er varme og gjer inntrykk. Ordføraren, Rashed Murrar, fortel oss om hendinga i 2002 som heldt på å ende historia til lansbyen. Barna tek i mot oss, nokon blyge, andre glade og med eit skøyaraktig oppsyn. Det er spennande med desse nye internasjonale som kjem kvar tredje månad. Å gi beskyttande tilstedeværelse for lansbyen og alle dei 70 menneska som bur der er oppdraget vårt. Dessverre er det også heilt nødvendig. Historia til Yanoun kan du lese om her.

Første møte med Yanoun på Vestbredden