Yanoun

Yanoun يانون, er ein palestinsk landsby nær Nablus nord på Vestbredden, som i dag har 73 innbyggere (derav 40 barn). Landsbyen ligg under “Område C” av Vestbredden, som betyr at den er under total israelsk kontroll. Yanoun er registert i osmanske skatteregistre allerede fra 1596, og innbyggarane lev av husdyrhald og landbruk.

I dag er Yanoun omringa av såkalte utpostar på tre kantar, som i likheit med busetjingane er ulovlege i følge internasjonal lov. Etter at Al-Aqsa intifadaen braut ut i 2000, byrja busetjarane frå den nærliggande jødiske utposten Itamar å trakassere innbyggarane i landsbyen. Yanoun sine innbyggjarar har levd med valdelege angrep fra busetjarane sidan, og det har vore ei rekke episodar kor dei har vorte mishandla, skotne på og i nokre tilfelle drept, av væpna busetjarar fra Itamar. Busetjarane hindrar dei også i å dyrka jorda, drep sauene deira på beite, øydelegg landsbyens generator, forgiftar drikkevatnet, brenn og øydelegg avlingar og stjel oliventre .

Som følgje av dette vart landsbyen midlertidig fråflytta i 2002, bortsett fra to eldre innbyggjarar som nekta å flytta. Fredsaktivister kom då til landsbyen og var tilstades døgnet rundt i fleire veker, noko som fekk innbyggjarane til å gradvis koma tilbake. I dag har EAPPI kontinuerleg, beskyttande tilstedeværelse i landsbyen.

7. juli i sommar vart ble fem innbyggere fra Yanoun skada etter å ha blitt angrepne av busetjarar væpna med knivar og maskingever. Kveite-markene deira vart tent på, og fleire sauar knivstukke til døde. Da bøndene prøvde å sløkke brannen, vart dei skotne på med tåregass av israelske soldatar. Ein av dei, Jawdat Bani Jaber, vart bankea opp og knivstukke fleire gongar av busetjarane, og skoten i foten og ansiktet av ein israelsk soldat. Han vart nekta medisinsk hjelp i tre timar.

Innbyggarane blir no nekta adgang til jordbruksområda av militæret, medan busetjarane har fri tilgang til området og har byrja å dyrka jorda sjølv.

4 thoughts on “Yanoun

    • Hei Rachel! Det veit eg jo at du er. Og mange med deg. For meg handlar det ikkje om å velje side, men å hjelpe der eg kan. Både Israel og Palestina sine myndigheiter gjer feil, men for oss som er her og ser så er det ikkje så vanskeleg å sjå at palestinarane er den svakaste parten – her på Vestbredden – under okkupasjonen. Men det er lov å vere uenig, eg berre fortel det eg ser og det eg opplever.
      Alt godt!
      Anne

  1. Hei Anne! Eg trudde ikkje du fekk mitt vesle innlegg. Eg blei bedt om å moderere det. Eg ville ikkje det, og trykkte på avbryt. Men du fekk det.
    Det er interessant å lese Anne, du opplever mykje trist, men heilt sikkert mykje bra i det Vesle landet Israel. Eg støttar veldig innlegget frå John Robert Grønås, at du bør få og formidla eit meir balansert syn på Israel. Det er feil på begge sider. Gled deg til ei veke i Jerusalem, ein fantastisk by. Aust for Jerusalem ligg ein fantastisk såkalla bosetting,Maale Adumim, Den er kanskje 30 år? Utruleg vakker. Besøk gjerne den. Ha det veldig godt, eg er glad i deg, at du er snill er eg enig med Janne i. Klem frå Rachel

    • Hei igjen!
      Eg opplever heldigvis masse bra. Gode mennesker som arbeider for fred og forsoning, blant både israelarar og palestinarar. Og i dag tidleg hadde eg ei utrulig koseleg stund saman med nabokona her, Wafa, som serverte meg ferskt bröd og ost. Godt vinnefelleskap er det over alt.

      Eg har allerede skrive om busetjinga Maale Adumim i innlegget mitt Ein skule som skal rivast. Det er ein vakker stad kor det bur mange israelarar som lev det gode livet – akkurat slik dei fleste av oss gjer i Norge. Her bur det anstendige menneske, også fredsforkjemparar. I Maale Adumim er det godt å leva, og det skal israelarane får lov til. Dei er ikkje annleis enn meg sjölv i Norge, som önskjer ein god levestandard for meg og mine. Men me som såg beduinsamfunna rundt og dei små palestinske landbyane, der skular, hus og fjös har rivingsordre, kjente ein sterk bismak. Og det må eg få lov til å utrykka. Det er ikkje den vanlege israelar sin feil, men eg er kritisk til dei israelske myndigheitene som vel å skeivfordela goder. Eg er også kritisk til palestinske myndigheiter på Vestbredden, som heller ikkje klarer å ivareta desse ressurssvake palestinske samfunna.

      Eg gler meg til å oppleva meir av Israel og ikkje minst Jerusalem. Har allereie hatt fleire dagar der, men skal bli betre kjendt no i förjulstida. Det er ein fantastisk vakker by og eg gler meg til å visa Jonas og Joakim rundt. Me skal også ha fridagar i Tel Aviv, rett för nyttår. I januar blir det rundreise i Israel, der ledsagarane mellom anna skal besöka israelarane som bur i Sderot, som lev under trusselen fra rakettangrep frå Gaza. Det blir nok også eit sterkt möte med menneske som lev i ein vanskeleg situasjon.

      Ha det veldig godt, Rachel. Eg er glad i deg også! God förjulstid saman med dine kjäre!
      klem fra Anne

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s